USAs president Donald Trump fekk FIFA-fredsprisen under trekkinga av fotball-VM 2026 i USA. Denne prisen skal ifølgje FIFA gå til personar som har jobba for fred og samhald i verda.
Prisen har skapt mykje debatt. Ein menneskerettsorganisasjon som heiter FairSquare har no meldt FIFA-presidenten, Gianni Infantino, til FIFAs etiske komité. Dei meiner han har brote reglar om at FIFA skal vera politisk nøytral når han støttar ein politisk leiar og gir han ein stor pris, ifølgje Sportsbibelen.
Kraftig kritikk
Organisasjonen meiner at Infantino har brote FIFAs vedtekter ved fire høve. Eit døme som er framheva er då Infantino skreiv på Instagram 9. oktober at Donald Trump fortener å ta imot Nobels fredspris.
View this post on Instagram
Prisutdelinga har også fått kraftig kritikk frå ekspertar og kommentatorar. Nokon meiner det var ein pinleg augneblink for FIFA, og at det kan skada omdømmet til organisasjonen.



















