Peparkaker smaker jammen godt! Men dei kan òg brukast som dekorasjon, anten det er bordpynt, peparkakehjarter hengande i vindauget eller som her, ein liten landsby i ei glaskrukke.
Ingrediensar:
150 g smør
1,5 dl mørk sirup
150 g sukker
0,25 ts malt nellik
1 ts malt ingefær
1 ts kverna pepar
1 ts malt kanel
1 stk. egg
1 ts natron
ca. 500 g kveitemjøl
Slik gjer du:
1. Bland smør, sirup og sukker i ein kjele. Varm opp til sukkeret er smelta. Tilset nellik, ingefær, pepar og kanel, og rør godt saman.
2. Ta kjelen av plata og avkjøl blandinga noko. Røyr inn egg.
3. Ha i natron, og sikt inn mjøl. Rør alt saman til ein jamn deig. Juster tjukna på deigen med meir mjøl. Dekk til deigen med plastfolie og la den stå kaldt nokre timar, gjerne over natta.
4. Elt deigen med litt mjøl på bordet og kjevle den ca. 3 mm tjukk. Det enklaste er å kjevla ut deigen rett på eit bakepapir.
5. Bruk linjal og kniv og skjer ut hus i ulike storleikar og fasongar. Bruk små peparkakeformer eller andre reiskapar til å laga mønster på husa, og til å laga små tre eller peparkakeinnbyggjarar.
6. Set steikjebrettet midt i omnen på 175 °C og steik kakene i ca. 10 minutt. Avkjøl kakene på rist.
7. Dryss melis på husa ved hjelp av ei tesil for å laga snø. Bruk fingrane til å børsta av restane.
8. Plassér peparkakehusa inni eit glas eller glaskrukke. Bruk grovt havsalt, flaksalt eller perlesukker for å laga snø.






















