Lag ei herleg iskake med popkorn, godteri og knasande julekaker. Dette vil både imponera gjestene dine og smaka skikkeleg godt!
Ingrediensar:
1 boks vaniljeis
100 gram popkorn
100 gram smågodt
10 ulike julekaker
2 matskeier kakepynt
Slik gjer du:
1. Hald isboksen nokre sekund under lunkent vatn så isen slepper boksen.
2. Ta av lokket og snu boksen over på eit serveringsfat.
3. Pynt med popkorn, smågodt, julekaker og kakepynt.
4. Server med éin gong!
Blir det noko til overs og isen ikkje har smelta heilt, kan han setjast tilbake i frysaren!






















