Klikk her for å sjå svar på luke 9
Filmen var Hjemme Alene! Skjønte du det? Gi deg sjølv ein velfortent klapp på skuldra! Fekk du òg med deg at det var film nummer 2: Forlatt i New York? Imponerande!
Vi ønsker oss ofte snø til jul. Men om kalenderen viser desember og det regnar ute, kan du skape julestemning ved å måle snø på vindauget.

Du treng
- litt kefir i ein kopp
- ein pensel
- eit reint vindauge
Slik gjer du
Ta litt kefir i ein kopp. Dypp penselen oppi og tørk av slik at det ikkje er for mykje mjølk på. Mål mønstera du ønsker på vindauget og la tørke.

Når desember er over, vaskar du enkelt over vindauget med vatn og litt oppvaskmiddel.

Influensaren Anne S. Olsen skriv på Instagram at ho dekorerer vindauge med mjølkemåleri kvar jul.
View this post on Instagram






















