Tips til ting du kan gjera:
- Samle inn pengar. Du kan selja kaker, ha loppemarknad eller arrangera ein konsert.
- Gi bort leiker. Ei brukt leike som du er ferdig med, kan gjera eit anna barn veldig glad.
- Lag kort eller teikningar. Ei enkel helsing kan bety mykje for nokon som kjenner seg åleine.
- Lær og snakk om det som skjer. Når du forstår meir om kva som skjer i verda, kan du også snakka med andre om det.
Psykolog Solfrid Raknes har møtt mange barn som har mista heimen sin, og som lever med frykt og uro kvar dag. Men midt i alt det vonde har ho sett noko fint.
– Det skal så lite til før barn byrjar å smila igjen, seier ho.
– Eit lite smil, ein song, ein klem eller ein leik kan gjera ein stor forskjell.

Solfrid seier at barn har eit heilt spesielt håp i seg.
– Dei har ei evne til å tru at det kan bli betre, sjølv når alt ser mørkt ut. Derfor er det lett å ha håp når ein jobbar med barn, seier ho.
Håp betyr å tru at noko godt kan skje, sjølv om det tek tid.
Snakkast i morgon!
Ein gong jobba Solfrid saman med ein rektor frå Syria. Han sa alltid: Bokra ahlan – som betyr «snakkast i morgon».
– Det er ein måte å ynskja morgondagen velkommen, og i det ynsket ligg mykje håp. Det vart eit uttrykk eg aldri gløymer, seier Solfrid.
– Sjølv når alt er vanskeleg, må me tru at det kan bli betre. Det er håp som held oss oppe, legg ho til.
Solfrid håpar barn i Noreg forstår at hjelpa dei gir betyr noko.
– Litt pengar for oss kan bety mykje for barn som manglar mat eller medisinar, forklarer Solfrid.
– Når barn i Noreg viser omtanke og hjelper barn i fattige og krigsherja land, spreier dei håp.
Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.






















