Utanriksministeren: – Eg ser kvar dag at det nyttar å jobba for fred

– Det er viktig å hugsa på at alle krigar ein gong tek slutt, seier utanriksminister Espen Barth Eide. Han finn håp i arbeidet for våpenkviler og fredsavtalar, og minner om at barn også kan bidra til fred ved å vera snille og bry seg om andre.

Kva gjer deg sjølv håpefull når du jobbar med vanskelege konfliktar? Korleis klarer du å halda motet oppe? 

Det er viktig å hugsa på at alle krigar ein gong tek slutt. Når me bidreg til våpenkviler, framskundar fredsavtalar og minskar lidingar, er det veldig motiverande for meg.

Barn i Noreg kan ofte kjenna seg små i møte med alt som skjer i verda. Kva kan barn her heime gjera for å bidra til fred eller håp? 

– Du kan byrja der du er. Ver snill mot andre, sei frå om nokon blir urettferdig behandla, og bry deg om dei som har det vanskeleg. Så er det viktig med engasjement. Om du brenn for noko så kan du finna ein stad der du kan bruka det engasjementet, til dømes i eit politisk parti eller i ein organisasjon.

Om du skulle senda ei helsing til alle barn i verda i dag – kva ville du seia til dei som drøymer om ei fredeleg framtid? 

– At ein må halda fram med å drøyma om ei fredeleg framtid. Sjølv om verda verkar kaotisk no, er det viktig å hugsa på at det er mange menneske og land som jobbar kvar dag med å finna fredelege løysingar på konfliktar. Eg ser kvar dag at det nyttar å jobba for fred. Det skal Noreg halda fram med.