Forbrukartilsynet åtvarar mot at fleire av desse konkurransane kan vera svindel.
– Det me dessverre ser ein del av, er at det kan vera svindel-konkurransar. Det kan vera snakk om store premiar, seier underdirektør i Forbrukartilsynet, Nina Elise Dietzel til NRK.
Medievitar Magnus Hoem Iversen forklarer at konkurransar kan gi influensarar mykje merksemd, men åtvarar om at manglande premiar kan øydeleggja tilliten deira.
Forbrukartilsynet ber òg influensarar om å ikkje krevja at deltakarane taggar vener, fordi det sender uønskt reklame vidare.
Dei rår folk til å lesa reglane nøye og vera forsiktige dersom noko verkar for godt til å vera sant.






















