I boka Barnas verdshistorie kan du lesa om korleis det har vore å vera barn gjennom tusenvis av år. Du får lesa om barn som har vore jegerar, kongar, slavar og soldatar.
– Det mest overraskande var å oppdaga kor vanskeleg det var å finna kunnskap om barn i dei uendeleg mange historiebøkene som finst, seier forfattar Erna Osland om det å skriva boka.
– Få historikarar har interessert seg for barn. Å finna slik kunnskap var som å finna skattar, som eg gøymde på og sette saman til ei verdshistorie, om og for barn.
– Barn og ungdom er utfordrande lesarar – og dermed spennande å skriva for. Ein må tenka på lesarane når ein skriv, og det er moro, seier forfattaren frå Høyanger og Gulen.
Vil at barn skal bli stolte
Erna Osland likar å tenka på korleis det er å vera barn både no og før.
– Den tid eg sjølv var barn, fekk eg da lesa om korleis barn var med å forma verda? Nei. Og derfor sette eg i gang, eg ville skriva om kor viktig barns innsats har vore til alle tider. For forfattarar av historiebøker for vaksne gløymer vanlegvis å fortelja om barnelivet, dei er mest opptekne av store hendingar i krig og politikk.

– Mi verdshistorie er om kvardagen, som er full av barn som gjer morosame, interessante og nyttige ting for seg sjølv og andre. Og dette har eg altså skrive om.
– Eg vil at lesarane skal bli stolte over å vera eller ha vore barn.
Frå sakte til raske endringar
Barnelivet har heile tida endra seg, sakte i starten, raskt når me nærmar oss vår tid.
– I steinalderen, i den lange jeger- og samlartida, var barna alltid saman med mor og far. Familien passa på barna, anten dei leika eller arbeidde. Då menneska fann opp jordbruket, blei livet endra for både barn og vaksne, fortel Erna Osland.
Bondelivet var eit heilt anna liv enn jeger- og fiskarlivet i steinalderen. Spesielt for barna som ofte blei sett til å gjera det kjedelegaste arbeidet: luka ugras og gjeta.
– Tida med raskast og størst endring for barn, er tida då byar med gruver og fabrikkar vaks fram.

– Frå midten på 1800-talet overtok nye maskiner og vaksne arbeidarar dei tyngste oppgåvene. Dermed blei barna arbeidsledige og sendt på skule. Å læra å lesa og rekna blei frå då av barns viktigaste innsats for samfunnet.
Enno er verda delt
Utviklinga frå barnearbeid til skule delte verda i to. På den nordlege halvkula blei det slutt på barnearbeid, her gjekk barna på skule. På den sørlege halvkula gjekk det det treigare å gi alle barn rett til skule.
– Framleis arbeider 160 millionar barn for å forsørga seg sjølve eller familien sin. Dei arbeider i fabrikkar og livsfarlege gruver, haustar frukt og grønsaker, gjetar dyr, passar småsøsken eller ber vatn og murstein. Mange, mange timar for dagen.
Erna Osland synest det er godt at Redd Barna og Unicef finst.
– Dei gir barnearbeidarane skule, så dei kan koma seg ut av fattigdommen.

Den beste tida
I boka skriv Erna Osland at det er opp til lesaren å bestemma kva tid i historia som har vore best for barn. Men eg vil likevel finna ut kva for ei tid ho trur det var best å vera barn i
– Steinalderen! Dette er tida då menneska hadde god tid til kvarandre. Barna fekk vera med på jakt og fiske. Dei lærte mens dei leika og gjorde spennande ting saman med dei vaksne som var glade i dei, og passa på at dei hadde det godt.
Les utdrag av boka her:
Illustrasjonane er brukte med løyve frå Skald forlag.



















