Slik kan vaksne hjelpa barn i krig

Når barn lever i frykt, treng dei vaksne som forklarer, lyttar og passar på, forklarar psykolog Solfrid Raknes. Ho har møtt mange barn som har opplevd eller opplever krig.

– Når barn spør «kvifor må me sova under bakken i natt?
 Kvifor må me springa til det rommet under bakken igjen?», treng dei eit ordentleg svar, seier psykolog Solfrid Raknes.

Solfrid har møtt mange barn som lever i krig. 
Ho seier at det viktigaste vaksne kan gjera, er å vera tilgjengelege – altså å vera der, lytta og svara.

– Barn må vita kvifor ting skjer. Når dei forstår litt meir, blir dei mindre redde, seier ho.

Psykolog Solfrid Raknes. Foto: Privat

Vaksne må snakka – ikkje teia

Solfrid fortel at vaksne som blir redde eller stressa, ofte snakkar mindre med barna.
 Det vaksne har ofte nok med seg sjølv om dei er redde.

– Men nettopp då treng barna forklaringar mest. Det hjelper ikkje å lata som alt er normalt. Det er betre å vera ærleg. Då skjønner barna at dei kan stola på deg, seier Solfrid.

I krig kan det bli usemje mellom vaksne og barn.
 Mange barn vil til dømes heller sova i si eiga seng enn i tilfluktsrommet.

– Då må dei vaksne bestemma, forklarer Solfrid.

– Barn skal ikkje ha ansvaret, men dei skal få seia kva dei tenkjer.

Ho seier at vaksne må forklara kvifor dei gjer ting, og at barna må vita at det finst ein plan.

– Det gir tryggleik, også når alt er skummelt.

Små ting som hjelper mykje

Tryggleik kan òg byggjast gjennom kvardagslege rutinar.

– Ein rutine betyr å gjera dei same tinga kvar dag, som å eta frukost saman eller syngja ein song før leggetid. Rutinar gir ro og tryggleik, seier ho.

Ho peikar på at også søsken kan spele ei rolle.

– Det er fint å la eldre søsken hjelpa litt, men dei skal ikkje ha ansvar for at familien overlever, seier Raknes.

Ikkje lat som alt er greitt

Mange vaksne prøver å verna barn ved å lata som alt er normalt.
 Men barn merkar når noko er gale.

– Då er det betre å seia: «No er eg litt redd, men eg veit kva me skal gjera», seier Solfrid.

Slik lærer barna at det er lov å vera redd, men at ein likevel kan vera trygg.

Også på skulen kan vaksne hjelpa.

– Lærarar kan laga faste rutinar, ha små pustepausar og gi tid til å snakka om det som skjer, seier Solfrid.

– Berre det å vita at læraren er der kvar dag, gjer mange barn tryggare, fortel ho.