I 2024 kom dokumentarfilmen om Mats «Ibelin» Steen ut. Filmen vart nominert til og vann ulike prisar, både internasjonalt og i Noreg.

No skal Hollywood lage ein spelefilm om Ibelin. Norske Morten Tyldum skal vere regissør for filmen. Han har lenge budd i USA og vart Oscar-nominert for regien til storfilmen The Imitation Game.
Skodespelarane som har blitt stadfesta til filmen inkluderer verdsberømte Anthony Hopkins i rolla som bestefaren til Mats Steen. Charlie Plummer skal òg vere med i filmen, tilsynelatande for å spele Mats Steen, men dette er ikkje stadfesta endå.






















