Vil ikkje setja 13-åringar i fengsel

Regjeringa i Sverige vil kunna setja barn heilt ned til 13 år i fengsel for alvorlege lovbrot. Men Kriminalvården meiner dette er feil veg å gå, og at barn treng hjelp – ikkje fengsel.

Den svenske regjeringa ønskjer å kunna fengsla barn heilt ned til 13 år som har gjort alvorleg kriminalitet. Men Kriminalvården, som er den svenske versjonen av Kriminalomsorga, seier nei. Dei meiner at barn på 13 og 14 år ikkje bør plasserast i fengsel, men få hjelp på andre måtar, skriv NRK.

Regjeringa har foreslått å bygga eigne fengselsavdelingar for barn, med skule og oppfølging, innan juli neste år.

– Barn så unge som 13 år bør takast hand om på andre måtar, skriv Kriminalvården i høyringssvaret sitt. 

Eit høyringssvar er når nokon får seia meininga si om eit forslag før det blir bestemt noko. I Sverige har regjeringa komme med eit forslag om å fengsla 13-åringar. Då kan andre, som Kriminalvården, skriva eit høyringssvar der dei seier kva dei synest er lurt eller ikkje lurt med forslaget. Det er litt som når læraren spør klassen:
– Kva synest de om denne regelen? Og alle får seia meininga si før læraren bestemmer seg.