– Mamma og eg har snakka lenge om å laga bok, seier Madeleine.
– Eg sa først ja, så nei, så ja igjen. Og så berre starta me!
Mamma fortel at dei hadde snakka om det under heimeundervisninga i fjor, men ikkje kom i gang då.
– Eg ville at Madeleine skulle kjenna at ho verkeleg hadde lyst sjølv. Då ho bestemte seg, gjorde me det saman.
Til slutt fann Madeleine motivasjonen:
– Eg skulle få sju prosent av pengane! Eit ordentleg forfattarhonorar.
– Eg vil ha pengar til marsvin – og hund!, seier Madeleine engasjert.

Ein kjedeleg fotodag
– Eg brukte ein heil verdifull dag på å bli tatt bilde av, seier Madeleine og sukkar.
– Det var ekstremt kjedeleg! Eg kunne heller vore med venninnene mine.
Men ho likte at boka blei fin til slutt.
– Framsida var fin, sjølv om eg blei litt overraska over rutene inni boka. Og det var nokre ting eg ville gjort annleis om eg fekk bestemma alt sjølv, seier ho.
I boka er det 20 oppskrifter. Nokre har Madeleine funne på sjølv, og nokre har ho fått hjelp til.
– Mamma har kome på to, og nokre er henta frå hennar gamle bok, men endra litt så dei passar til mi, forklarar ho.

Søte namn og søte smakar
Madeleine har også vore med på å finne morosame namn på alle oppskriftene i boka. Poppeti popcorn, chocoloco muffins, milky milkshake er nokre dømer på dei kreative namna.
– Eg fekk hjelp frå meg sjølv, mamma, pappa, som eg kallar daddy fordi han er frå England, Google, Agathe som er redaktør – og nokre venninner, seier ho.
Når ho skal feira noko, veit ho kva som står på menyen:
– Oreokjeks, solbollar, is og ostekake! Mamma vil eigentleg at eg skal velja sunnare, men det er faktisk favorittane mine.
Ho likar også best det som skjer under bakinga:
– Å leike med mjølet! Og om det er sukker, likar eg å smaka litt. Men det er hemmeleg, ler Madeleine.

Venner og søsken som hjelparar
Madeleine har fått mange fine tilbakemeldingar på både maten ho lagar og boka.
– Lissie Nora og Unna er bestevennene mine, og dei har hjelpt til med å baka.
Ein kveld då Unna overnatta, smakte dei på oreokjeksa dei hadde laga.
– Ho sa: «Perfekte! Ekstremt gode. Nam, nam, nam!» klokka var sikkert ti om kvelden, fortel Madeleine.
Også søsken og bonus-søsken har vore med:
– Dei har vore med og både laga og smakt på fleire av oppskriftene, seier Madeleine stolt.
Marsvin har ho ikkje fått enno – men ho håpar å få kjøpt seg eit til jul.
– Eg må berre selje nok bøker først, seier Madeleine bestemt.






















