Den kriminelle lågalderen er 15 år i Noreg. Det vil seie at dei under 15 ikkje kan få fengselsstraff, men dei får andre konsekvensar for kriminelle handlingar.
Derfor har kriminelle over 15 år byrja å snu seg til dei under den kriminelle lågalderen, og ber dei om å gjere ulovlege ting sidan dei ikkje hamnar i fengsel.
«Grooming»
Det politiet no har funne ut, er at fleire kriminelle tar tak i barn gjennom dataspel.
På online speleplattformer kan framande ta kontakt med deg. Til Klassekampen seier seksjonsleiar i Oslopolitiet, Astri Johanne Holm, at dei eldre kriminelle fangar opp dei barna som ikkje er på skulen.
Desse eldre skapar ein tillit mellom dei og barna. Dette kan skje ved at den eldre personen gir kompliment og flørtar. Holm forklarer at dette gjer at barna føler seg spesielle. Barna vil gjere det dei kan for at den eldre personen ikkje skal bli skuffa over dei. Dette blir kalla for «grooming».
Krypterte appar

Barneombod Mina Gerhardsen oppmodar foreldre til å følgje med på appane barn har på mobilen. Spesielt krypterte appar som Telegram og Signal.
I ei sak frå VG advarer Kripos om at barn ikkje treng å ha krypterte appar på mobilen, og at å ha ein slik app kan vere eit varsel foreldre skal ta seriøst.
– Me veit at det er krypterte appar som blir brukte av desse miljøa, seier Mina Gerhardsen.
Altso kan eit slik forhold starte gjennom eit dataspel, og så lurer den eldre personen deg over på ein kryptert app.
Krypterte appar er fulle av kodar som skal halde alt som blir sendt trygt. Dette kan vere bra, men på den negative sida betyr det at det er vanskeleg for politiet å avsløre kriminelle planar.






















