– Regjeringa er opptatt av at samiske barn og unge skal vakse opp i eit samfunn der eigen kultur, eige språk og eigen identitet har ein naturleg plass, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran frå Arbeidarpartiet (Ap) i ei pressemelding.
Departementet har sett opp ei fotoutstilling i Oslo som er open for alle.
10 personar snakkar skoltesamisk
Det er rundt ni eller ti samiske språk som reknast som levande språk i dag. Av desse er fleire alvorleg truga. I Noreg reknar vi tre offisielle samiske språk: Nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.
Men det er fleire samiske språk som er svært truga som nokre prøvar å gi nytt liv til.
Mellom anna held 22-åringen Oliver Bjørnstad Ivanowitz på å lære seg skoltesamisk, eit språk som rundt 10 personar i Noreg snakkar no.

– Mitt favorittord er rääʹǩǩes, som tyder kjærleik. Det kan bety jentekjærast, gutekjærast, eller kjærleik generelt ut frå kva kontekst du har det i, seier Oliver på telefon til Framtida.no.
- Les heile saka om Oliver her: Oliver (22) vil lære seg eit språk berre ti andre i Noreg kan