Mange bier og sommarfuglar i Europa står i fare for å døy ut

Fleire titals artar av bier og sommarfuglar er no utryddingstruga. Det betyr at dei kan forsvinna heilt frå naturen.

I 2014 stod 77 av dei 1928 ville bieartane i Europa på raudlista til Den internasjonale naturvernunionen (IUCN). No er talet oppe i 172, melder Teknisk Ukeblad.

I tillegg står 40 prosent av Europas unike sommarfuglartar på raudlista. Opp mot 90 prosent av alle blomstrande plantar i Europa er avhengige av slike insekt.

Drastisk nedgang

– Villbiepopulasjonar er i drastisk nedgang og kan ikkje bli erstatta av menneskestyrte biekoloniar, seier Denis Michez frå universitetet i belgiske byen Mons til NTB som fyrst omtala saka.

Grunnen til at mange artar slit, er tap av leveområde. Landbruk og skogbruk endrar og øydelegg landskapa der insekta lever. Klimaendringar rammar òg fleire artar.

Kjelde: Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)