Sanninga bak verdas villaste tjuveri

Forfattar Nora Evensmo Hvistendahl har samla dei mest utrulege tjuveria frå verkelegheita i boka Håndbok for mestertyver - virkelighetens villeste tyverier. Her får du lesa om korleis kjende skattar blei stolne – og kva som eigentleg skjedde med tjuvane etterpå.

Boka handlar om alt frå dei som fekk med seg juvelar og måleri utan at vaktene oppdaga det, til dei som klarte å lura avanserte alarmsystem. Framtida Junior har spurt forfattaren om den kule boka ho har laga.

Namn: Nora Evensmo Hvistendahl

Alder: 32 år

Aktuell med: Håndbok for mestertyver – virkelighetens villeste tyverier

Kva handlar Håndbok for mestertyver om – med dine eigne ord?

Gjennom historia har glitrande juvelar, skinnande gull og berømte måleri forsvunne framfor nasen på tryggingsvakter og overvakingskamera. I denne boka har eg samla over 50 ville tjuveri frå røyndommen, og du får lesa om korleis tjuvane greidde det, kva som skjedde med skattane som vart stolne og korleis det gjekk med tjuvane til slutt.

Boka er også full av spennande fakta om smarte alarmar, korleis tjuvane tenkjer, og nokon av dei raraste tinga som har vorte stole.

FAVORITT: Nora sin favorittdel av boka er det ho har skrive om tjuveriet av Mona Lisa. – Denne delen var ekstra morosam å skriva, og eg hadde ikkje høyrt historia før. I dag veit nesten alle kven Mona Lisa er, men det er faktisk fordi ho vart stolen for over 100 år sidan, fortel ho. Foto: Privat

Kor fekk du ideen til boka frå?

Som barn elska eg filmar som Ocean’s Eleven og Olsenbanden der tjuvane stal skattar som var umogleg å få tak i. Som voksen vart eg derfor veldig nysgjerrig på om dette skjer i røynda.

Og eg visste at det faktisk hadde skjedd her i vesle Noreg ein gong då tjuvar stal det berømte måleriet Skrik på berre 50 sekund! Så då tenkte eg at det måtte ha skjedd fleire gonger, og det vart starten på Håndbok for mestertyver.

I boka handlar det jo om rett og gale – korleis tenkte du rundt det då du skreiv?

Dette er ei bok for barn frå åtte år og oppover, og dei veit veldig godt at det ikkje er lov å stela. Gjennom historiane blir det heller tydeleg at tjuveria bryt med lovene og ordenen i samfunnet.

Historiane er også spennande og viktige for barn, ikkje berre for vaksne. Dei fortel nemleg mykje om korleis samfunnet vårt tek vare på og vernar kulturskattar. Dessutan går det ikkje særleg bra med tjuvane eg har skrive om.

Kva håpar du at barn skal sitje igjen med etter å ha lese boka?

At elleville tjuveri av kongelege juvelar, dyre måleri og gull framleis skjer den dag i dag! Eg håpar boka gjer at barn får lyst til å lesa endå fleire bøker om ting som har skjedd i røynda, og at dei får lyst til å følgja med på nyheitene så dei ikkje går glipp av hendingar som dette.

Var det noko som var ekstra vanskeleg å skriva om?

For å skriva boka måtte eg lesa mange bøker og dokument, sjå filmar, snakka med mange menneske og høyra på podkastar. Stundom måtte eg halda styr på så mange detaljar at eg vart heilt svimmel! Det har vore det aller vanskelegaste når eg har skrive boka. Derfor har eg sjekka alle fakta både éin, to og tre gonger.

Kva bok gjorde sterkast inntrykk på deg då du var barn?

Molly Moons utrolige bok om hypnose av Georgia Byng. Det er kanskje ikkje så mange som har høyrt om boka lenger, men ho handlar om foreldrelause Molly som lærer seg å hypnotisera. Den var veldig spennande, og eg elska den rare hunden til Molly på framsida av boka. Eg har faktisk boka enno!

Fullfør setninga: Det beste med å lesa ei bok er …

… at eg kan drøyma meg bort og vera kven eg vil! Anten det er ein meistertjuv, ein trollmann, eller nokon som lever heilt annleis enn meg.

Kva tre barnebøker vil du tilrå?

  • Finn fem feil av Ida Tufte Michelsen: Når politiet plutseleg arresterer far hans, må Finn løysa mysteriet sjølv og møta Oslos skumlaste skurkar for å redda familien. Dette er den nye favorittboka mi.
  • Dette er Ikke min hatt av Jon Klassen: Dette er den morosamaste biletboka i verda, som handlar om ein bitte liten fisk som stel ein bitte liten hatt.
  • Arktiske mysterier av Maria Phillipa Rossi: Boka handlar om forskarar på Svalbard som undersøkjer isbjørnar, nordlys og rare ting under isen. Ei morosam og spennande bok om Arktis og klimaendringane.

Kva meiner du at ei god barnebok MÅ innehalde?

Noko rart som får deg til å undra eller le! For utan rare ting blir livet og historiene veldig kjedelege, synest eg.