Mobbeekspert: – Nesten ikkje vits med lova viss Snapchat får unntak

Regjeringa vil laga nye reglar for sosiale medium. Men Snapchat kan sleppa unna – noko fleire meiner kan gjera nettet mindre trygt for barn.

I dag går fristen ut for å seia si meining om eit nytt lovforslag frå regjeringa. Dei vil innføra 15-års aldersgrense på sosiale medium som TikTok, Instagram og Snapchat. Over 4900 personar og organisasjonar har sendt inn innspela sine, skriv NRK.

Men regjeringa vurderer å gi unntak for nokre appar som blir mest brukte til meldingar – som Snapchat og WhatsApp. Eit unntak betyr at lova kanskje ikkje skal gjelda for dei.

– Det er her mobbinga skjer

Mobbeekspert Ida Risanger Sjursø frå Universitetet i Stavanger seier til NRK at det blir feil om Snapchat slepp unna.

– Det er nesten ikkje vits å innføra lova dersom Snapchat ikkje blir inkludert, seier ho.

Ho forskar på digital mobbing – altså mobbing som skjer på nettet og i appar.

– Desse barna er på Snapchat og WhatsApp. Det er her mobbinga skjer, forklarer Sjursø.

Altfor tidleg

Ida Risanger Sjursø meiner mange barn får eigne kontoar altfor tidleg.

– Det verkar som regjeringa ikkje ønskjer å ramma dei digitale stadene barn og unge synest det er gøy å vera, seier ho.

Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) seier at ho forstår kvifor mange vaksne er bekymra.

– Eg trur mange foreldre og vaksne som jobbar med barn, deler ei stor uro over korleis algoritmar og teknologiselskap har fått styra kvardagen til barna våre, utan at dei har vorte tilstrekkeleg beskytta mot dei negative konsekvensane dette kan ha, seier barne- og familieministeren til nyheitsbyrået NTB.