På 1800-talet var biljard kjempepopulært. Då brukte ein støyttenner frå elefantar til å laga kuler, fordi dei var sterke og glatte. Men ei støyttann heldt berre til nokre få kuler, og det førte til at elefantar nesten vart utrydda.
– Historia om plast startar faktisk med biljardkuler, ein dusør og ein nesten-katastrofe, seier kjemikar Alexander Sandtorv til Ung.Forskning.no.
Eit firma lova ein dusør, altså ein stor pengepremie, til den som kunne laga nye kuler utan elfenbein. To brør, Isaiah og John Wesley Hyatt, klarte det – dei fann opp celluloid. Det blir rekna som den første plasten. No kunne ein laga kuler på eit laboratorium i staden for å henta dei frå naturen.
Vedundermateriale
Etter kvart vart plast brukt til mykje meir. Han var billig, sterk og lett å forma.
– Det vart sett på som eit vedundermateriale, seier ALEXANDER Sandtorv.
På 1900-talet brukte ein plast i radioar, klede, flyvindauge og til og med i Noregs første stikkontakt-deksel.
Men plasten vart ikkje berre ei løysing. Etter kvart vart det eit problem for dyr og natur. Ein kval vart til dømes funnen med 40 plastposar i magen.
– Det må rett og slett innførast strengare lover og reglar rundt plast, seier kjemikar Leiv K. Sydnes til Ung.forskning.no.
Han meiner me må bruka plast som kan resirkulerast eller brytast ned, og tenkja over kor mykje me eigentleg treng.