Beintøft blir kvart år arrangert av Miljøagentene og er Noregs største gå-til-skulen-aksjon for barneskulen. Målet er å inspirera barn til å gå, sykla eller reisa kollektivt til skulen. Ved å la bilen stå bidreg ein til mindre CO2-utslepp, mindre mikroplast i naturen og tryggare skulevegar.
– Barn har vist at dei kan skapa store resultat saman. No håpar me vaksne tek stafettpinnen vidare og lèt seg inspirera til å kutta ned på bilkøyring i kvardagen, seier dagleg leiar i Miljøagentene Signe Lindbråten i ei pressemelding.
Over 11 gonger rundt jorda
I løpet av tre veker har elevane gått, sykla og reist kollektivt til saman 465 666 kilometer – like langt som å gå jorda rundt meir enn 11 gonger. Det betyr ei innsparing på 61 954 kilo CO₂, tilsvarande cirka 900 flyturar frå Oslo til Trondheim.
– Når elevane kan få til så mykje på berre tre veker, er det eit tydeleg bevis på at handling nyttar. Dei er førebilete som me vaksne har mykje å læra av, seier Lindbråten.

Ein konkurranse med meining
Over heile landet har barn laga plakataksjonar, plukka søppel, utforska nærmiljøet og engasjert alt frå lokalpolitikarar til statsministerkandidatar.
Fjerdeklasse på Roaldsøy skole i Stavanger gjekk heilt til topps og vann 30.000 kroner til klassekassa. Vinnarklassen vart trekt blant klassane som hadde oppnådd høgast mogleg poengsum.
Til saman blir det delt ut premiar for 180.000 kroner, til trinnvinnarar, fylkesvinnarar og oppdragsvinnarar.