FN: Israel utfører folkemord mot palestinarar

16. september kunngjorde FNs uavhengige internasjonale undersøkingskommisjon at Israel sine handlingar mot Gaza er folkemord.

Sidan Hamas sitt terroråtak på Israel 7. oktober 2023, har Israel angripe Gaza-stripa. Israel har fleire gongar uttrykt at dei vil gjere alt for å utrydde Hamas.

Konkluderer med folkemord

Men Israel sine handlingar har ikkje berre drepe Hamas-agentar. Meir enn 60 000 menneske er drepne og livsviktig infrastruktur som sjukehus har ofte vore mål for åtak i Gaza. Snakk om at handlingane til Israel er eit folkemord, har vore diskutert i lang tid.

No har ein kommisjon sett saman av FN konkludert med at handlingane til Israel er eit medvitent ynske om å utrydde palestinarar heilt eller delvis frå Gaza.

Ein kommisjon er ei gruppe menneske som undersøkjer og trekk slutningar eller finn løysingar med ein spesifikk situasjon som fokus. Kommisjonen som har undersøkt om Israel utfører folkemord er den uavhengige undersøkingskommisjonen for Palestina, oppretta av FNs menneskerettsråd.

Kva ligg i folkemord?

Undersøkinga av handlingane til Israel har halde på sidan 7. oktober 2023. I rapporten frå kommisjonen står det at Israel har utført fire av fem folkemordshandlingar:

  1. å drepe medlemmar av ei bestemt folkegruppe (her; palestinarar busett i Gaza)
  2. å forårsake alvorleg fysisk eller psykisk skade på medlemmar av folkegruppa
  3. med vilje la folkegruppa utsetjast for ulevelege levevilkår
  4. setje i verk tiltak som har som mål å stoppe fødslar

Den femte folkemordshandlinga (som Israel ikkje har blitt dømt for), er å forflytte barn frå ei folkegruppe til ei anna ved bruk av makt.