Rekorden blei sett då Manchester City slo Napoli 2–0. Då skåra Haaland mål nummer 50 i rekka.
Den gamle rekorden var frå Ruud van Nistelrooy. Han trong 62 kampar for å nå 50 mål.
Etter kampen sa City-manageren Pep Guardiola dette til avisa The Guardian:
– Kva kan eg seia? Tala snakkar for seg sjølve. Me er heldige som har han. Det er berre å gratulera han, for han er i selskap med målskårarar som Van Nistelrooy og Lewandowski – men spesielt dei to monstera Cristiano og Messi gjennom 20 år. At Erling er der, er utruleg.