Grandiosa får behalda den gule fargen for seg sjølv

No kan ikkje andre som lagar frosenpizza bruka den spesielle gulfarge på eskene sine.

Grandiosa, den mest kjende frosenpizzaen i Noreg, har fått einerett på å bruka den spesielle gulfargen på pizzaeskene sine.

Det har Patentstyret bestemt. Patentstyret er eit kontor som bestemmer kven som får lov til å bruka namn, logoar og fargar som kjenneteikn på varer.

Det betyr at andre som lagar frosenpizza, ikkje kan bruka akkurat den gulfargen på pakkane sine.

Det starta med Statos

Det heile starta med at Orkla, som eig sjokoladen Stratos, søkte om å få einerett på blåfargen til Stratos. Då dei fekk det, ville Orkla også sikra seg gulfargen til Grandiosa.

Rema 1000 prøvde å stoppa Orkla frå å få denne retten, men klarte det ikkje.