Etter å ha vurdert å senke den kriminelle lågalderen i Sverige tidlegare i år, er det no eit forslag lagt fram i Riksdagen, Sveriges storting.
I januar skreiv vi ei sak om at dei vurderte å straffe kriminelle handlingar frå barn i 14-årsalderen. No har regjeringa i Sverige lagt fram forslaget.
Nytt av saka er at alderen er ønskt senka frå 15 år til 13 år. Dette handlar berre om veldig alvorlege lovbrot, som drap og bombing.
Straffa for barn skal vere på fem år eller mindre. Dette er eit tiltak som dei gir fleire grunnar til at er viktig. I Sverige blir fleire og fleire barn i ung alder henta inn i kriminelle kretsar for å utføre kriminelle handlingar. Derfor meiner regjeringa at dess tidlegare dei grip inn, dess lettare blir det for dei unge barna å bryte frå eit liv som kriminell.
– Om vi gjer som vi alltid har gjort, kjem det til å gå som det alltid har gått, skreiv statsminister Ulf Kristersson saman med tre andre politikarar, Jimmie Åkesson, Ebba Busch og Simona Mohamsson.