Kvart fjerde år er det val til Sametinget. Då kan alle samar over 18 år som står i samemanntalet stemma på kven dei vil ha som politikarar. Dei vel også ny sametingspresident. Samemanntalet er ei liste over alle samar som har rett til å stemma.
Sametinget ligg i Karasjok i Finnmark. Det består av 39 representantar som blir valt frå sju valkrinsar kvart fjerde år. Dei arbeider med saker som gjeld samisk språk, kultur og rettar.
Viktige sakar
Sametinget liknar på Stortinget, men handlar berre om saker som er viktige for samar. Det kan vera å ta vare på samisk språk i skulen, støtte samisk kultur, eller avgjera korleis naturen skal brukast. Sametinget er viktig fordi det gir samar høve til å bestemma i sine eigne saker.
Sametingsvalet skjer samtidig som stortingssval eller kommuneval. Då går samar til stemmelokalet og stemmer på parti og kandidatar, akkurat slik alle gjer i andre val.
Det første sametingsvalet vart halde hausten 1989 og det første offisielle Sametinget vart opna 9. oktober 1989 i Karasjok av kong Olav V.
Kjelder: Sametinget.no, Store norske leksikon
Her kan du sjå ein film Redd Barna laga om Sametinget for fire år sidan.