Månen står opp
- Vadsø – 19:10
- Hammerfest – 19:37
- Tromsø – 19:51
- Oslo – 19:59
- Bodø – 20:01
- Lillehammer – 20:02
- Trondheim – 20:07
- Kristiansand – 20:07
- Stavanger – 20:17
- Bergen – 20:21
- Ålesund – 20:22
- Longyearbyen – 20:58
Når lyset frå sola blir blokkert av jordkloden, skulle ein tru at månen vart heilt svart. Men dette er ikkje tilfellet.
Lyset som blir reflektert frå månen kan variere, og er påverka av både skylaget og støvet som er i atmosfæren rundt jorda. Tidlegare har månen fått eit raudskjær og blir då kalla ein «blodmåne».
Dukkar opp klokka 20:00
Månen vil ikkje ha kome opp over horisonten i starten av måneformørkinga. Han kjem ikkje opp før rundt klokka 20:00, avhengig av kvar du er i landet.
Men det er tre fasar i denne måneformørkinga. Den første delen er då månen byrjar å bevege seg inn i jordas skugge. Den andre fasen er når månen er totalt fanga i skuggen av jorda, altso den totale måneformørkinga. Denne fasen vil halde på frå 19:31 til 20:53. Månen vil vere midt i jordas skugge klokka 20:12, så ein del stadar i Noreg vil rekke å sjå dette.

Svalbard vil derimot ikkje ha høve til å sjå månen under den andre fasen av formørkinga, då månen står opp 20:58. Men også den tredje fasen av måneformørkinga er verd å få med seg. Då kjem månen ut av skuggen til jorda. Fasen varer frå 20:53 til 21:57.
Skaff god sikt aust-søraust
Månen kjem opp i aust-søraust, så det er denne retninga ein bør ha god sikt utover for å få med seg formørkinga. Dersom det er fjell og vidder i vegen, vil dette gjere at du ser månen seinare enn når den står opp.
Det er først i 2028 at vi får sjå ei ny total måneformørking på norsk jord. Då er datoen sjølvaste nyttårsaftan!