Ingen veit kvar brennmanetene kjem frå

Har du bada i sjøen i Noreg, har du sikkert møtt på brennmaneter. Dei er raudoransje med lange trådar som kan svi skikkeleg viss du kjem borti. Men forskarane veit framleis ikkje heilt kvar dei blir til i naturen.

– Me har framleis ikkje funne dei ute i det fri, seier forskar Tone Falkenhaug ved Havforskingsinstituttet til Forskning.no.

Maneter lever gjennom fleire ulike livssteg. Dei starta som bitte små larver, og så blir dei til ein polypp – ei slags lita sjøanemone som festar seg på ein stein eller tang. Frå polyppen kjem det mange små maneter. Problemet er at ingen forskarar har klart å finna desse polyppane ute i havet.

– Dei har ein utruleg kompleks måte å formeira seg på, forklarar Falkenhaug.

Klør seg i hovudet

Vanlege brennmaneter finst langs heile norskekysten. Nokre somrar er det nesten ikkje mogleg å bada enkelte stader fordi det er så mange maneter. Andre stader er det heilt tomt.

Forskarane trur nøkkelen kan liggja i polyppstadiet, men klør seg i hovudet over at dei ikkje veit dette sikkert. Så lenge dei ikkje finn polyppane ute i naturen, er det vanskeleg å forstå kvifor det kjem så mange brennmaneter nokre år, og nesten ingen andre år.