Livet med ADHD kan bli betre med god søvn

Samanheng mellom søvn og ADHD har blitt forska lite på. Det fortel ein psykiatriprofessor til NRK.

ADHD er ein diagnose som menneske må leve med heile livet. Diagnosen kan vere vanskeleg å stille, men nokre av hovudsymptomane er vanskar med merksemda, og at ein er hyperaktive og impulsive. Dei to siste er mest synlege i barn.

Å vere impulsiv betyr å gjere noko utan å tenkje seg om, medan å vere hyperaktiv er at ein har unormalt mykje uro i kroppen (fysisk) og/eller i hovudet (psykisk).

Ikkje sett på dårleg søvn som problem før

For dei med ADHD kan ein oppleve livet som vanskeleg. Ein ny studie viser at dårleg søvn er ein grunn til livet med ADHD blir vanskelegare.

Psykiatriprofessor Lars Lien fortel til NRK at dårleg søvn ikkje har blitt sett på så nære før. Han er overraska over resultatet, og seier at dei med ADHD som får hjelp med søvn, vil oppleve livet som betre.

– Eit heilt fantastisk liv

Pappa Espen Johannessen fortel at sonen har ADHD. Då sonen var 13 år, var det vanskeleg å få han til å sove. Så fekk han hjelp ved bruk av sovemedisin.

– Eg vil seie at han har fått eit heilt fantastisk liv, seier Espen til NRK. Han seier at familien legg merke til at sonen får med seg meir og er rolegare enn før.