Kva er trivsel? Anneli, Eva, Azaan og Ågot deler sine tankar

Etter vi snakka med ein forskar om trivsel, drog Framtida Junior til Biblo Tøyen for å snakke med fire barn om kva trivsel er for dei.

Tidlegare denne veka publiserte Framtida Junior ei sak om Ungdata junior og dei 120 579 elevane som svara på ei spørreskjemaundersøking om trivsel.

VAKSENGRENSE: På Deichman Biblo Tøyen er det ikkje vaksne tillatne. Biblioteket er berre for dei mellom 10 og 15 år. Foto: Vilde Standal Bøyum

Men kva er trivsel, og kva må til for å trivast?

Framtida Junior tok turen til biblioteket som seier at den einaste diskrimineringa dei driv med, er aldersdiskriminering. Deichman Biblo Tøyen er nemleg det einaste biblioteket i Noreg berre opent for aldersgruppa 10–15 år.

Inne på biblioteket ville fire personar gjerne svare på spørsmåla om trivsel.

At andre ser deg

Anneli Vilja Hillestad-Eiksund (12) forklarer trivsel på denne måten:

– Det er ei kjensle av å vere komfortabel, der eg kjenner dei rundt meg, og kan slå av ein vits.

Anneli går på ein steinerskule saman med Ågot Almaas Bråtveit (12). Ein steinerskule følg same læreplan som andre skular, men måten dei underviser på er annleis. Dei verdset det andelege saman med det faglege, medan andre offentlege skular held seg til det faglege.

LIKEVERD OG TRYGGLEIK: Anneli Vilja Hillestad-Eiksund (12) og Ågot Almaas Bråtveit (12) tykkjer at trivsel handlar om å vise at andre har like mykje verdi og å kjenne seg trygge med folka rundt seg. Foto: Vilde Standal Bøyum

Ågot er einig i det Anneli seier om trivsel, og legg til at ein må føle seg trygg.

– Kva må til for at du skal trivast?

– At eg veit litt… eller mykje om dei eg snakkar med, seier Ågot.

– Å bli tatt godt imot, og at dei rundt deg ser deg. At du har like mykje verdi, legg Anneli til.

Viktig å seie ifrå

Eva Augusta Henningsen Asker (13) likar seg godt på Biblo Tøyen.

– Det er mykje kule ting å gjere her. Ein kan lese bøker, ein kan lage kule ting, og så vere med på feriefrukost i feriane, seier ho som døme. Som bibliotek, er alt dette gratis.

KREATIV SOMMAR: Eva Augusta Henningsen Asker (13) viser fram broderiet sitt av ein rev. Dette har ho jobba med i sommar på Biblo Tøyen. Foto: Vilde Standal Bøyum

I måten ho skildrar Biblo Tøyen på, kjem det fram at ho trivst her. Ho fortel at det som ofte må til for å ha det bra, er å seie ifrå om dårlege opplevingar.

– Viss det er nokon som mobbar eller ertar deg, så er det lurt å seie ifrå til ein vaksen, eller nokon andre du stolar på, tilrår ho.

Når samtalen dreier seg over på mobbing, er Ågot kjapp på å svare:

– Det er dumt. Det er dårleg at folk gjer dumme ting mot andre.

INGEN FAN AV MOBBING: Ågot meiner at folk må slutte å vere frekke mot kvarandre og slutte å såre andre. Ho meiner at å føle seg trygg er viktig for å trivast. Foto: Vilde Standal Bøyum

Kvifor er det fleire gutar enn jenter som trivst?

– Trivsel er å ha det bra med folk, å ha eit nettverk av venar, og at ein ikkje kjenner på noko press.

Slik forklarar Muhammad Azaan Ali (13) det å trivast.

– Kvifor trur du det er fleire gutar enn jenter som svarar at dei trivst?

Azaan tenkjer seg om før han svarar.

PASSE INN: Muhammad Azaan Ali (13) tenkjer at forskjellen i trivsel mellom jenter og gutar kan handle om å passe inn. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Eg veit eigentleg ikkje, men kanskje det er fordi jenter bryr seg meir om kva andre tenkjer om dei enn gutar gjer, seier han.

Sjølv ville Azaan sjekke hårsveisen før vi tok bilete. Men for han, handlar ikkje det om kva andre tykkjer.

– Det gjer eg for meg. Men jenter gjer det meir for andre, føler eg. Eg har følt at jenter i klassa tenkjer at dei må sjå bra ut for å passe inn, seier han.

Dei rette kleda

Anneli er inne på liknande tankar som Azaan.

– Jenter kan overtenkje litt meir, bekymre seg litt meir. Gutar er kanskje litt meir avslappa, seier ho.

ULIK STATUS: Anneli seier at jenter kanskje kjenner seg litt mindre når dei ikkje har dei rette kleda eller oppfører seg som andre forventar. Foto: Vilde Standal Bøyum

Ho kan kople dette til mobbing, og at folk kanskje snur seg til mobbing fordi dei føler seg truga.

– Ofte så er det sånn at ein kanskje ikkje har dei rette kleda, eller gjer det som er forventa, og kanskje dei ikkje har det så bra sjølv eller er redd for sin eigen status, seier ho.

– Er status noko du tenkjer mykje på? 

– Ikkje eigentleg. Eg går på steinerskule, og der henger ein med dei ein vil og går med det ein vil. Det er veldig fritt der, seier Anneli.