Det er ein dessert på ein måte, men også berre ein avkjølande snacks. På ein måte er det sorbé, men også ein type smoothie, kanskje mest litt tjukk smoothie. Man må på ein måte prøve seg fram, men eg kan prøve å skrive ei oppskrift.
Du må først og fremst ha ein blender og bær, masse bær (spørst kor masse du skal ha). Personleg likar er å ha tre forskjellige bærtypar, blåbær, bringebær og rips. Nokon gongar brukar eg å bytte ut blåbær med jordbær.
Du treng også appelsinjuice og mjølk. Mjølk er eige val, men eg brukar det for å ikkje ha så mykje smak frå appelsinjuica. Etter det er det berre og blende det saman, så får du ein veldig god kald snacks til sommaren.
Denne teksten var med i skrivekonkurransen Sommarfavorittar. Les om fleire sommarfavorittar her!