Beste ferieplass: Brusand og Kvassheim

Viss du treng hjelp med å finna ein plass å reisa på ferie i år då MÅ du sjekka ut desse tipsa.

1. Du kan reisa til Kvassheim der leier dei ut eit hus du kan bu i. Frå der kan du gå til Brusandstranda viss du elskar å bada.

2. Elskar du å shoppa kan du ta toget i frå Brusand til Bryne til M44.

3. Elskar du spenning, fart og gjera noko i lag med familien, reis til Kongeparken på Ålgård.

4. På Kvassheim fyr kan du fiska i hamna med familien.

5. Du kan gå inn og sjå på museet inne på fyret, det er morosamt for både barn og vaksne.

Kvassheim fyr. Foto: Jarle Vines, GDFL-lisens

Denne sumaren anbefaler eg deg å reise til Kvassheim fyr. Der leier dei ut eit hus der du kan overnatta, viss du har eit surfe-brett ta med deg det – du kan surfa rett nedanfor fyret.

Dei har kafé inne på fyret, så viss du har lyst på eit lite glas med brus eller ein kopp med kaffi så er det berre å gå inn der. Brusand-stranda ligger 15 minutt å gå frå fyret.

Og viss du har lyst på ei kald drikke er det bare å gå til Coop Prix på Brusand der sel dei slush og is. Du kan gå tur langs kysten med Kvassheim og Brusand, viss du vil så kan du gå heilt frå Kvassheim fyr til Ogna.

Du kan ta med deg fiskestanga og fiske ved fyret. Du kan låna utespel frå fyret når det er ope. Viss du ikkje berre vil vera på Kvassheim, har dei togstasjon på Brusand. Då kan du reisa til Bryne der har dei M44 du kan handla på.

Dei har Jærmuseet på Nærbø viss du vil reise der. Dei har Kongeparken på Ålgård der kan du ta med dei som elskar fart, spenning og karusellar.

6. klasse ved Ogna skule er vinnarar av skrivekonkurransen til Framtida Junior om sommarfavorittar.