– Oppveksten min var prega av eit munnleg bibliotek med all slags sjangrar. Joik var òg eit verktøy som flittig vart brukt rundt bålet, fortel Karen Anne.
No har ho skrive boka Árrangáttis Árrangáddái – forteljingar frå stjernehimmelen og andre samiske eventyr. Boka inneheld ti samiske eventyr og vakre illustrasjonar. Karen Anne har fått med seg illustratør Inga Wiktoria Påve, som ho er veldig stolt av å samarbeida med.

– Inga Wiktoria er Sápmis svar på Lisa Aisato! Ho teiknar med det samiske i hjartet, og det kjennest heilt rett å ha henne med, seier Karen Anne.
Gullfjell og ekte ønske frå barn
Når Karen Anne lagar bøker, testar ho dei først på barn. I arbeidet med denne boka har ho lèse høgt for barn frå 6 til 12 år – både samisktalande og norsktalande. Og barna får seia kva dei meiner.
– Eg tek barna på alvor og tilpassar teksten etter det dei seier, forklarar ho.
På ein turné med Den kulturelle skulesekken (DKS) i Aust-Finnmark fekk ho eit spesielt ønskje frå barna der:

– Dei ville lesa om Gullfjellet, eit lokalt eventyr som betyr mykje for dei. Det måtte sjølvsagt bli med i boka, seier ho.
Forteljingar som lever
Karen Anne seier at samiske eventyr ofte blir fortalde munnleg – altså at ein seier dei høgt i staden for å skriva dei ned.
– Rundt bålet høyrde me eventyr, joik og songar. Det var mange sjangrar – morosame, triste og skumle historier.

Ho meiner det er viktig at barn får høyra også litt skumle eventyr.
– Viss sjangeren «skummel» manglar, lærer ikkje barna å kjenna igjen farar. Både i naturen og blant folk må me vera litt varsame iblant, seier ho.
Målet hennar er at boka skal gje barn glede – og kanskje litt gåsehud – både heime og på skulen.
– Eg håpar barn kan oppleva leseglede med denne boka. Då blir eg verkeleg glad!