– Er du glad i å bade, er dette ein super plass

Eiril Andrea (12) oppfordrar dei som er glade i å bade til å dra på badeland.

Aquarama Kristiansand er eit bad og symjeanlegg. Anlegget ligg i sentrum av Kristiansand langs sjøen. Aquarama er eit komplett badeland, med tilhøyrande idrettsbasseng, stupeanlegg, spa, helsebad, 3 utebasseng og mykje meir. Eit fint badeland. Dessverre må ein vere 8 og 10 år for å ta vasskliene.

Det er praktisk at ein kan ete mat inne på badeanlegget. Du kan bestille mykje forskjellig, for eksempel ein snackskurv med pommes frites, kylling og grønsaker. Det som er litt dårleg med Aquarama er at dei slepp inn 1200 folk om gongen, når det berre er rundt 12 dusjar. Då kan det bli lang kø for å få seg ein dusj, men du slepp å stå trongt når du dusjar.

Om du kjem litt tidleg til Aquarama, så slepp du nok å stå i kø, for folk byrjar å kome i 12-tida. Du bør ha god tid når du er der. Ein time er ikkje nok, spesielt viss det er mange folk og mykje du vil prøve ut. Vil du slappe av, bør du ikkje gå på ein sundags ettermiddag, då er det veldig mykje folk, og då er det spesielt barnefamiliar og då blir det mykje støy. Det er også elektroniske garderobeskap som ikkje kostar ekstra.

Prisar: baby (under 3 år) = 89,-
Barn/student/honnør = 209,-
Vaksen (frå 16 år) = 249,-
Familie = 849,-

Er du nysgjerrig på opningstidene, sjekk nettsida Aquarama Kristiansand – Ett sted for alle. Vasskliene og dei forskjellige aktivitetane opnar på forskjellige tidspunkt.

Er du glad i å bade, er dette ein super plass. Skliene er veldig morosame, det er ikkje noko barnehagesklier, det er store, skikkelege badelandsklier. Har du lyst å kjøle deg ned, så hopp i Steinsfossen – oppi der er det 10 grader – lag deg ein rekord og få andre til å slå den eller deg sjølv. Blir du skikkeleg kald, så kan du gå i badstove eller boblebadet.

Det går også an å prøve seg på å hoppe over nokre matter på vatnet slik som i «the floor is lava». Det er eit stupetårn, der er det fem forskjellige høgder. Det er 1 meter, 3 meter, 5 meter, 7,5 meter og 10 meter. Det er også ein bitte liten klatrevegg som er rett oppføre eit badebasseng, så då kan du klatre opp også hoppe rett ned i vatnet.

Eg var nettopp på Aquarama, veldig bra plass, men vi hadde for liten tid til å gjere alle dei morosame tinga, så hugs å rekne god tid.

6. klasse ved Ogna skule er vinnarar av skrivekonkurransen til Framtida Junior om sommarfavorittar.