Podkasten «Avdeling T» har som mål å gjere det meir spanande for barn å lese bøker. Det er nemleg slik at den internasjonale undersøkinga PIRLS viser at Noreg har hatt ein nedgang i leseprestasjon og leselyst frå 2016 til 2021. Neste PIRLS-undersøking vil bli utført i 2026.

Derfor inviterer Anja Haugland Svingen og Mari Tveiti til ein podkast laga i Gjenklang studio, der ein ny vri skal gjere lyttarar meir nysgjerrige på bøker.
Podkasten er laga med utgangspunkt i at alle verder frå ulike bøker, eksisterer. Stundom kan bokverdene bli ustabile, tåkefenomen oppstår og karakterar kan kome inn i vår verd.
Dette må tåkemeisteren, eller «meister T», takle saman med sine agentar og forfattarane av bøkene.
I den første episoden av «Avdeling T» er det Iben Pettersen Vinther (11) og Vilde Nilsen Flatby (11) som drar på oppdrag saman med tåkemeisteren. Her møter dei forfattar Ingunn Thon. Boka i fokus, heiter «Full bajas».
Vart så glad
Iben fortel om korleis ho enda opp som skodespelar i podkasten.
– Eg går på teaterskule, og så fekk eg ei melding om det var noko som kunne vere spanande for meg, seier ho.
Etter ein samtale med Anja og Mari, og eit par dagar sitjande i spenning, fekk Iben svaret medan ho sat på ein restaurant.
– Eg hadde vore ganske stressa, og eg vart så glad då eg las meldinga. Eg trur eg hadde skrike om eg ikkje hadde vore på ein restaurant, seier ho.
Men ho gjekk litt ut og utførte nokre stille hurrarop.
Lagde prompelydar

Å spele inn sjølve episoden var noko Vilde tykte var gøy. Spesielt sidan ho hadde ei litt uvanleg oppgåve.
I boka «Full bajas» er hovudkarakteren heilt perfekt, men ein dag vaknar han opp og har gått heilt bajas. Dei høflege tinga han tenkjer at han skal seie, er ikkje det som kjem ut av munnen.
Når tåka kjem inn i vår verd, blir Vilde påverka og startar å seie ting som er litt bajas.
– Det var veldig morosamt då eg måtte lage prompelydar, seier ho.
Det vart mykje latter i studio, for nokre av lydane høyrdest ganske rare ut.
Førestiller seg verda og karakterane
Både Iben og Vilde er veldig glad i å lese. Iben likar godt å lese romanar, medan Vilde føretrekkjer fantasy.
– Kvifor er du glad i å lese?

– Eg les ganske fort. Men kanskje grunnen til det er at eg les ganske mykje, seier Iben først.
Ho meiner ikkje at det er farta som avgjer at det er gøy å lese. Ho trur ein kan like å lese, uansett kor fort ein les. Det er noko som ho tykkjer er endå viktigare når det kjem til leseglede.
– Eg syns det er så spanande med alle dei historiene, og korleis folk har klart å kome på det, seier ho.
– Og ein ting eg likar ekstra godt, er å sjå føre meg korleis figurane ser ut og korleis husa ser ut. Det tykkjer eg er veldig morosamt, seier Iben.
Var ikkje glad i å lese
For nokre år sidan, var ikkje Vilde så glad i å lese som ho er i dag.
– Før så las ikkje eg så mykje, men så fann eg «Kattekrigerne». Så likte eg å lese veldig mykje, fortel Vilde.
No har ho lese alle bøkene i Erin Hunter sin serie om dei krigande kattane, og det er heile 42 bøker. I tillegg har ho lese fleire av Rick Riordan sine bøker («Percy Jackson»-bøkene er dei mest kjende).
– Det handlar om å finne den type bok du likar. Ein må berre finne noko ein likar veldig godt, seier Vilde.
Får med forfattarane

Anja fortel at den dalande leselysta over dei siste åra har vore drivkrafta til at podkasten vart laga.
– Det vart til eit høyrespel som hoppar inn i bøker på ein litt annleis måte for å auke leseinteresse og presentere nye bøker for dei som alt likar å lese. Ynsket vårt er at å lese ikkje skal bli oppfatta som noko pliktarbeid, seier ho.
Podkasten skal vere på fire episodar til saman, der den aller første var ein introduksjon. Introduksjonen og første episode med Iben og Vilde kom ut 7. juli.
I kvar episode er det ei bok i fokus, og forfattaren av boka er også med.
– Forfattarane har vore veldig positive. Dei seier at det er eit nytt prosjekt som dei ikkje har vore med på tidlegare, så derfor har dei lyst til å vere med, seier Anja.
Dei to siste episodane for sesongen kjem 14. og 21. juli, og på spørsmål om fleire episodar, seier Anja:
– Arbeidet er i gang. Det kjem nye episodar!