Maria og William har fått eigne teikneserieheltar oppkalla etter seg

William (12) og Maria (8) har fått noko uvanleg frå sin pappa; forteljingar dei kan kjenne seg att i.

For nokre år sidan sat 12 år gamle William heime og såg superheltfilmen Black Panther saman med faren sin. Filmen handlar om T’Challa som tek sin plass som kongen og beskyttaren av Wakanda, eit fiktivt land i Marvel-universet.

Black Panther er mest sannsynleg den mest kjende, svarte superhelten i verda.

På leit etter superheltar

Forfattar Joseph Ampofo er fødd i Ghana, og han har alltid tenkt at barna hans passar heilt inn i hans eigen identitet og opphav som ein svart mann.

Derfor trefte det Joseph hardt då William spurde om det var nokre superheltar som var som han og veslesystera hans. Fordi mora til William og Maria er kvit.

TREFTE HARDT: Joseph tenkte at barna hans kunne kjenne seg att i dei same karakterane han kjende seg att i. Det trefte hardt då han fann ut at det ikkje var slik for dei. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Eg har alltid tenkt at dei er mørke, som meg. Men dei er jo faktisk ikkje heilt identiske med meg. Dei har ein del av meg, akkurat som dei har ein del av sin mamma, seier Joseph.

Det var ei oppvakning for Joseph å høyre at William sakna ein karakter av blanda opphav, som han sjølv.

Barna er hovudkarakterane

Dette måtte gjerast noko med, fann Joseph ut, og i juni i år kom teikneserien Maria Storm og Mythosordenen ut gjennom Egmont forlag.

OVERRASKANDE: Maria visste ikkje at Joseph skulle bruke ho som hovudkarakter. Det kom som ei overrasking då ho såg Maria Storm for første gong. Foto: Vilde Standal Bøyum

Det er ikkje tilfeldig at hovudkarakteren heiter det same som dottera til Joseph.

– Kva syns de om at pappaen dykkar har laga ei forteljing med tanke på dykk?

– Eg syns det er kjempekult, og eg er stolt av at Maria er meg, svarar Maria.

William er heller ikkje unnlaten. Også han er ein hovudkarakter i ei anna historie, William Wilde, som ikkje er gitt ut endå.

– Eg blei litt sjokka

Sidan barna er til sterk inspirasjon for Joseph, er det ikkje så rart at dei har kome med idéar og hjelpt til i ny og ne.

– Eg syns det er litt kult at vi har fått vere med og kome på ting, seier William.

Eit eksempel på kva dei hjelpte til med, var skildringa av hovudkarakteren.

– Eg visste ikkje kven det var eg skildra først. Eg visste ikkje at han hadde brukt meg som hovudrolla, seier Maria.

Det kom som ei overrasking på ho då ho såg dei første skissene av Maria Storm, teikna av Jofrid Sandgren Østenstad.

– Eg blei litt sjokka, men eg syns jo det var kult, då, seier ho.

KJENNE SEG ATT: William håpar at det er fleire enn han sjølv og Maria som kan kjenne seg att i bøkene til Joseph. Foto: Vilde Standal Bøyum

Morosam, modig og hjelpsam

Maria Storm og Mythosordenen handlar om ei jente av blanda opphav som flytter frå Oslo til ein ny stad kalla Lilleberg. Maria sin mamma har forsvunne, og Maria byrjar å sjå mytologiske vesen, som goblinar og varulvar.

– Kva syns de er det beste med karakteren Maria Storm?

– Eg syns ho er veldig morosam, men også ganske modig. Og så likar eg veldig godt designen hennar, seier William.

Maria er einig i at hovudkarakteren er modig.

– Og så er ho hjelpsam. Det er ein annan karakter som heiter Magnus, og han blir mobba, og det ser Maria Storm. Ho hjelper han opp og spør om det går fint, og det er veldig hjelpsamt, seier Maria.

Sterk oppfordring

William og Maria har fått ei forteljing som dei kan kjenne seg att i, og ikkje berre gjennom tittelkarakteren. Det håpar dei at andre kan gjere også.

– Eg håpar kanskje mest at barn skal syns det er ei bra bok som dei har det gøy med å lese. Og så håpar eg at også dei kan kjenne seg igjen i nokre av karakterane, slik som vi gjer, seier William.

KAN INSPIRERE: Maria trur at lesarane kan bli inspirert av teikningane til Jofrid Sandgren Østenstad. Foto: Egmont Forlag

Maria trur at lesarane vil ha det kjekt når dei les boka, men ho trur også at måten Jofrid teiknar på kan inspirere framtidige teiknarar.

– Når dei ser teikningane til Jofrid, så kjem dei til å syns teikningane er veldig fine. Kanskje dei som les har lyst til å illustrere ei bok, og får meir tru på draumane sine, seier Maria.

Også Joseph har eit sterkt ynske om kva barn skal ta med seg frå forteljinga hans.

– Eg håpar at lesarane forstår at den beste superkrafta ein kan ha, er at ein kan få andre personar til å føle seg betre når dei føler seg dårleg. Det du kan gjere sånn at dagen til ein person blir betre, berre av å eksistere, seier han.

– Det er best for deg å lese boka, konkluderer Maria bestemt, til ein god latter frå både Joseph og William.