Victor og Odin skal ha det gøy med Edelmot

Dei starta å jobbe saman i 2021. No har Edelmot blitt hjartebarnet deira.

Victor Sotberg (33) gjekk i fleire år rundt med ein idé om ei forteljing. Då han las Ragnarok, visste han at han trong Odin Helgheim (29) for å gjere idéen til røyndom.

GODT LAG: Odin og Victor jobbar saman som gode vener. Foto: Privat

I tillegg hadde Victor og Odin følgt kvarandre ein stund på Instagram.

– Eg diggar stilen hans. Han har ein veldig manga-feel på streken sin, seier Victor.

«Strek» er måten ein artist teiknar på, og blir ein type signatur for artisten. Manga er ein teikneseriestil som oppstod i Japan.

Manga og anime har Victor vakse opp med å lese, så kjærleiken for streken til Odin kom fort.

Dårleg pitch

– Eg spurte om han hadde lyst til å ta ein kaffi og prate om ein idé, seier Victor.

Det vart Odin med på, og Victor fortalde om forteljinga han hadde bore på.

– Eg må seie at det var ikkje ein så veldig bra pitch. Den var ganske dårleg, ler Victor.

Men noko gjorde han rett då han prøvde å selje idéen sin, for Odin vart med på laget.

Fekk eit univers og stupte inn i bøkene

STARTEN: Odin og Victor viser fram den første boka i serien Edelmot. Foto: Privat

Sjølv vaks Victor opp med å lese manga og fantasy.

– Det var to eg var avhengig av, og det var Naruto og Death Note, fortel han.

Det gjekk mykje i lesing av dei store fantasy-bøkene som Legenden om Narnia, Ringenes Herre og Eragon.

– Kva var det som gjorde deg glad i å lese?

 Det var at eg fekk eit univers som eg berre kunne rømme litt inn i. Eg visste at, når eg opna dei bøkene og stupte inn i dei, så var det berre for meg, seier Victor.

– Historia eg hadde trengt då eg vaks opp

Som yngre opplevde Victor at det var vanskeleg å gøyme seg vekk, og det var ein grunn til at bøker vart så viktig for han. Både bøker og spel gav han ein moglegheit for å forsvinne litt.

STAS: Ein sjølvi måtte til då dei gjekk forbi dette vindauget. Foto: Privat

– Eg føler nesten at eg skriv Edelmot til tenårings-Victor. Det er den historia eg hadde trengt å lese då eg vaks opp, seier han.

Å vakse opp og finne seg sjølv er eit sentralt tema i bøkene til Victor og Odin. Det, saman med å godta kven ein er.

– Ein brukar så sjukt lang tid på det som ung; å finne ut at det er greitt å vere den ein er, forklarar Victor.

Ein uvanleg arbeidsstil

Odin kan fortelje meir om korleis det er å jobbe saman for å skape serien som Edelmot er blitt.

– Vi skal ha det gøy. Det er veldig viktig. Dette er blitt hjartebarnet vårt, og vi er så glade i karakterane og universet, seier han.

Odin forklarer òg at dei ikkje jobbar på ein heilt vanleg måte.

– Det blir nesten litt teatralsk. Når Victor kjem til meg, eller eg reiser til han, så blir det sånn at vi nesten spelar ut scenene, fortel Odin.

BOK TO: Victor og Odin med andre boka i serien, Nekromanseren. Foto: Privat

Han sit òg med teiknebrettet og kan teikne medan dei snakkar seg gjennom handlinga.

– Det blir litt fram og tilbake, nesten som eit ballspel, heilt til vi begge kjenner at det treffer, seier Odin.

Dei har arbeida saman i tre år, og Odin er veldig glad i karakterane som Victor og han har skapa saman.

EKTE: Odin er glad for at han og Victor er så gode vener, for han tykkjer at dette gjer innhaldet i teikneserien ektare. Foto: Privat

– Samarbeidet vårt kjennest så ekte. Vi er to kompisar som skapar historiar saman.

Kjenner seg igjen

For Odin er to ting hovudmålet med Edelmot. Det eine er at teikneserien skal vere underhaldande. Det andre:

– At vi skal kaste lys på viktige tema som står oss veldig nært, seier han.

At temaa i Edelmot står dei nært, er ikkje så vanskeleg å forstå. Dei to hovudkarakterane i bøkene heiter Victor og Odin, og sjølv om dei ikkje er heilt like skaparane, så er det mange fellesnemnarar.

Noko er satt på spissen. Til dømes er den ekte Odin glad i å jobbe i eit miljø som er ryddig og organisert. Det har dei overdrive med karakteren Odin, som må strukturere og planlegge nøye.

– Det er veldig mykje i Edelmot som både Victor og eg kan kjenne oss att i, seier Odin.

På den andre sida er det ting som er ukjent.

– Karakteren Odin er veldig kul og populær. Det var ikkje eg på ungdomsskulen, så det er ein stor forskjell der, seier Odin.

SKYGGENE: Her er Victor og Odin med den rykande ferske tredje boka i Edelmot-serien: Skyggene. Foto: Privat

Tre kjappe

– Om du skulle møtt ein karakter frå Edelmot, kven ville det vore og kvifor?

Victor: – Eg ville nok ha møtt Bendik, faktisk. For i dei første to bøkene så veit vi ikkje så mykje om Bendik. Eg ville ha møtt han, for å berre gje ein klem og sei at det går bra.

Odin: – Eg trur eigentleg eg ville møtt meg sjølv, altso Odin-karakteren, mest fordi det hadde vore interessant. Det hadde vore gøy å møte sin motpart. Han hadde nok ikkje vore så fornøgd med meg, men kanskje minst fornøgd med Victor. Det er jo han som skriv alt det dramaet som skjer.

INVITERT PÅ MIDDAG: Teikneserieskaparane Odin og Victor har store heltar som Akira Toriyama og J.R.R. Tolkien, og ville gjerne invitert dei på middag. Foto: Privat

– Kva forfattar, illustratør eller teikneserieskapar ville du invitert på middag?

Victor: – Eg trur kanskje … hm. Eg har veldig lyst til å møte J.R.R. Tolkien, eigentleg. Ringenes Herre er mitt absolutt favorittunivers. I tillegg så vart Tolkien så gamal og han opplevde så mykje, så det ville vore veldig spanande å få innblikk i tankane hans.

Odin: – Viss eg måtte velje, så trur eg faktisk at eg ville invitert Akira Toriyama. Eg ville lagd den beste middagen til han og berre sagt «tusen takk for at du skapte barndomen min».

– Kva er favorittspelet ditt?

Victor: – Eg speler mest Baldur’s Gate 3, eller store fantasy-spel som Elder Scrolls. Men speleverda er så svær, og eg likar ikkje å spele eitt spel veldig lenge. Så derfor har eg spela alt mogleg.

Odin: – Eg trur eg har klokka 10 000 timar med Pokémon Pearl gjennom tidene. Dei seier jo det at viss du skal bli ein meister, så må du bruke 10 000 timar. Og eg blei jo ein Pokémon-meister. Men så syns eg òg at spelet The Last of Us er veldig bra.

Baldur’s Gate 3, Elder Scrolls og The Last of Us er alle spel med 17+ aldersgrense.