Færre ringde om hoggormbit i mai

I mai i år fekk Giftinformasjonen 60 telefonar om moglege hoggormbit. Det er færre enn i mai i fjor, då dei fekk 124 telefonar.

Giftinformasjonen er ei nasjonal teneste som gir rask hjelp når nokon trur dei har vorte forgifta – til dømes av hoggorm, medisin eller kjemikaliar.

– Me tenkjer at vêret i stor grad påverkar talet på førespurnader om hoggorm, då godvêret gjer at fleire ferdast ute og gjerne har på lette sko, seier Mari Tosterud til NRK.

Ho jobbar som leiar i Giftinformasjonen, og trur mange blir bitne når dei går ute i fint vêr og har lette sko som ikkje vernar mot hoggorm.

Gode tips

Hoggormen er den einaste giftige slangen i Noreg. Den vil som regel berre bita om han blir redd eller trakka på. Derfor er det lurt å vita kva du skal gjera om du eller ein ven blir biten:

1. Skaff hjelp av ein vaksen: Barn skal alltid til lege. Fordi barn er mindre enn vaksne, kan gift verka sterkare. Derfor skal alle barn som blir bitne av hoggorm, dra til lege eller sjukehus – sjølv om dei berre har litt vondt.

2. Slik kjenner du att eit hoggormbit: Det ser ofte ut som to små prikkar tett ved sida av kvarandre. Rundt bitet kan huda bli litt hoven, blåleg eller vond.

3. Slik unngår du å bli biten: Bruk sko og sokkar når du går i skogen. Ikkje løft på steinar eller gå i høgt gras utan å sjå kvar du trakkar. Om du ser ein hoggorm, la den vera i fred og gå roleg bort.

Hugs: Det er sjeldan farleg, men det er viktig å ta hoggormbit på alvor.
Det beste du kan gjera, er å vera roleg og seia frå til ein vaksen så fort som mogleg.

(Kjelde: Helsenorge.no, FHI.no)