Saman med fleire andre skal ho reisa med eit skip som heiter Freedom Flotilla, skriv NRK. Båten kastar loss i dag, sundag 1. juni.
Aktivistane skal prøva å segla til Gaza, eit område der mange menneske lever i krig og manglar det dei treng for å leva. Aktivistar er menneske som jobbar for å endra noko dei meiner er feil i verda.
Vil at folk skal reagera
Greta og dei andre vil bruka båtturen til å seia ifrå om at dei synest det som skjer i Gaza er urettferdig, og dei håpar at fleire i verda skal leggja merke til det.
– Det er fleire mål med operasjonen; å fordømma den humanitære blokaden og det pågåande folkemordet, straffritaket den israelske staten er innvilga og å skapa internasjonal merksemd, seier EU-parlamentarikar Rima Hassan, som skal vera med på båtturen.
Blei hindra førre gong
Førre gong Greta Thunberg skulle delta på ein seglas, var 2. mai i år. Då melde fleire medium at skipet med 30 frivillige om bord vart angripe av dronar i internasjonalt farvatn utanfor kysten av Malta. Greta Thunberg hadde planlagt å delta i seglinga, men var ikkje om bord då angrepet skjedde, skriv VG.
Det var NTB som fyrst omtala saka.