– Svara kan visa ei aukande forståing for at barn og unge blir eksponerte for både skadeleg innhald, åtferd og design i sosiale medium. Dette gjer nok at mange ser behov for auka regulering, seier direktør Mari Velsand i ei pressemelding.
I dag må ein eigentleg vera 13 år for å laga brukar på TikTok, Instagram, Facebook og Snapchat. Likevel er det mange som lagar konto sjølv om dei er yngre.
Ein kan nemleg skriva at ein er eldre enn ein er. Med ein elektronisk alderskontroll kunne det vorte vanskelegare, meiner Velsand.
Ein alderskontroll kan til dømes be brukaren oppgi fødselsdato, eller bruka andre teknologiar for å stadfesta alderen – som ID-verifisering, ansiktsgjenkjenning eller kopling til kontoen til foreldre.