Skrivekonkurranse: Sommarfavorittar

Bli med på skrivekonkurransen til Framtida junior og vinn fine premiar!

Du kan velja å skriva éi av fire oppgåver:

1. Sommaraktivitet: Kva er kjekt å gjera om sommaren? Skriv ei liste over dei kjekkaste tinga å gjer ute om sommaren – eller skriv om favorittaktiviteten din i sommar. Skriv om kva som er kjekt med denne aktiviteten og kvifor du trur dette kan vera kjekt å gjera for andre om sommaren!

2. Favorittoppskrift: Send inn favorittoppskrifta di på noko du diggar å eta eller drikka i sommarvarmen!

3. Favorittplassen: Kvar er den finaste plassen å vera om sommaren? Skriv om plassen som berre er din – eller kvifor dette burde vera alle sin favorittplass – og kva andre kan finna på her!

4. Drøymeferien: Kva ville vore drøymeferien din? Kva er det som gjer at dette hadde vore den mest perfekte sommaren?

Krav:

– Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
– Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. Om ikkje alt er rett, så går det fint! Me hjelper til med rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte!

Frist: 19. juni 2025

Skrivekonkurransen er open for alle mellom 7 og 13 år.

Vinn fine premiar

Den beste klassen med flest gode tekstar får 1000 kroner til heile klassen. Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og papiravisa Framtida junior.

Tips

Her finn du tips til å skriva lesarbrev!

Innsending

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla. Hugs å ta med telefonnummeret til ein av foreldra dine eller læraren din.

Skriv «Sommarkonkurranse 2025» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.