Han har overlevd 200 slangebit

Tim Friede har blitt bite av ulike giftslangar 200 gongar. No let han forskarar bruke blodet sitt til å utvikle motgift.

Mannen frå Wisconsin, USA vart første gong bite to gongar av ein kobra. Det fortel han til NPR sitt radioprogram, All Things Considered. Då enda Tim opp i koma i fire dagar.

Trass i faren av det han heldt på med, lét han slangar bite han i eit forsøk på å auke kjennskap til skaden slangar utgjer i verda. No reknar han med at han er blitt bite 200 gongar.

Etter kvart skjedde det noko med blodet i kroppen hans, og gifta var ikkje like farleg for han som før.

Ung forskning har tidlegare omtala saka.

Vil lage same motgift for ulike slangebit

Jacob Glanville, sjefen for eit bioteknologisk selskap, Centivax, ynskte å studere blodet til Tim. Jacob hadde leita etter noko som kan skape ei motgift mot fleire ulike typar slangebit.

– Eg ringde til vivarium i håp om å finne ein klønete slangeforskar, seier han til All Things Considered.

Eit vivarium er eit område for dyr å leve i der dei kan bli observert og brukt til forsking.

Slik fann Jacob Tim, og han fekk bruke blodet til mannen med 200 slangebit.

Motgift til verdas «farlegaste» slange

Motgifta henta frå blodet til Tim har blitt testa på mus. Motgifta var effektiv mot fem ulike slangar – fire kobraslangar og den slangen som ofte er rekna som verdas farlegaste: Svart mamba.

Svart mamba er ofte rekna som den farlegaste, ikkje fordi den er giftigast, men fordi slangen er svært aggressiv. Det er òg verdas raskaste slange, og kryp med ei fart på 20 kilometer i timen.

Ved å utvikle blodet til Tim saman med andre antistoff, vart motgifta effektiv mot totalt 13 artar, og halvvegs effektiv mot seks andre. Antistoff er noko som dannar seg i blodet ditt når du klarer å kome deg att etter å ha blitt forgifta, eller vore sjuk. Dette skal gjere det enklare for kroppen din å handtere gifta eller sjukdomen, dersom du får den att.

Dyrt å lage motgift

Ung forsking forklarer at ei motgift er vanskeleg å lage, det er dyrt og det er farleg å halde på med.

Her blir ein kongekobra mjølka for gifta si. Kongekobraen er verdas største giftslange. Foto: Syafiq Asnawi Zainal Abidin / Flickr / CC BY 2.0

Ein må mjølke ut gifta frå slangen sine hoggtenner, så må ein sprøyte litt av gifta inn i eit anna dyr, for eksempel ein hest. Til slutt må ein hente ut blod frå hesten og skilje ut det som har blitt til motgift. Denne motgifta vil berre funke mot den eine slangen.

Derfor vil det vere tryggare og meir effektivt å skape ei motgift som den dei har laga frå Tim sitt blod.

Men her er det framleis mykje forsking som står att. Motgifta har berre blitt testa på mus. No skal gruppa til Jacob teste på hundar som er blitt bite av slangar i Australia. Vegen vidare må òg inkludere testing på frivillige menneske.