Datatilsynet
Datatilsynet er ein offentleg norsk organisasjon som kontrollerer at personvern og tryggleik er vareteke på digitale plattformer.
Kjelde: Store norske leksikon
Personvern handlar om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar.
Datatilsynet sine undersøkingar viser at selskap som tilbyr digitale, gratis tenester til skular, mellom anna samlar inn personopplysningar om barna, melder NRK.
Desse opplysningane blir igjen brukt til å vise elevane annonsar (reklame) som er tilpassa den enkelte elev sine interesser spesielt. Dette tener selskapa som viser annonsane pengar på.
Digitalisering på kostnad av personvern
– Verktøy som blir brukt i skulen, blir innført utan at skuleeigarane, altså kommunen, har gjort dei nødvendige vurderingane av personvernet, seier direktør i Datatilsynet Line Coll, til NRK.
Ho seier at det ikkje er tvil om at digitalisering har gått på kostnad av personvernet til barn og unge i den norske skulen.

Gjennomdigitalisert samfunn
Når NRK spør digitaliseringsminister Karianne Oldernes Tung om digitaliseringa av skulane har gått for langt, svarer ho dette:
– Vi lever i eit gjennomdigitalisert samfunn. Barna skal ut i eit arbeidsliv som er digitalt.
Ho meiner rett nok at digitaliseringa må gå føre seg på ein trygg måte der personvernet til barn blir godt vareteke, og at dette er noko som må jobbast med.
