Rune Pedersen, som er sjef for Mondelez i Noreg, seier i ei pressemelding:
– Mondelez Noreg og Freia er ein stad der det er kompetansen, prestasjonane og ambisjonane dine som betyr noko, ikkje kvar du kjem frå, kven du forelskar deg i, kva kjønn eller kva gud du har, seier han.
– Freia er eit lite stykke Noreg og det skal det framleis vera for alle! For å understreka dette kjem Freia-uret på Karl Johan til å lysa i regnbogefargane, la han til.
Kommunikasjonssjef Øyvind Olufsen forklarer kvifor dei stoppa å laga regnbogefarga Non Stop og mjølkehjarter:
– Det er ei rein kommersiell avgjerd som vart teken i fjor sommar.
Kommersiell betyr at det handlar om kva dei tener pengar på, eller ikkje.