Trond J. Stavås
Alder: 31 år
Frå: Heim i Trøndelag, men bur i Oslo
Yrke: Teikneserieskapar og illustratør
Favorittbok som barn: Danny og den store fasanjakta av Roald Dahl
Hobbyar som barn: Å spele TV-spel (Super Mario) og teikne
Favorittfag på skulen: Norsk og kunst og handverk
Gjest Baardsen levde frå 1791 til 1849. Han kom frå Sogndal, men brukte store delar av livet sitt på rømmen.
– Gjest reiste rundt i heile Noreg og var ein tjuv. Han vart gjerne fengsla for lovbrota sine, for så å rømme frå fengselet – gong på gong, fortel teikneserieskapar Trond J. Stavås.
Trond var ikkje i tvil om at han måtte gi ut ei bok om Gjest Baardsen – tjuven som skildra seg sjølv som «meistertjuv», «pikenes jens» og «folkehelt».

Ein snill tjuv
– Gjest såg på seg sjølv som ein snill tjuv – ein tjuv som tok frå dei rike og gav tilbake til dei fattige. Og trass i om vi ikkje veit kva som er sant og ikkje av dette, er det slik Gjest Baardsen er framstilt i boka mi, fortel Trond.
I boka til Trond les vi om at Gjest er på jakt etter Noregs største skatt – Den gylne fjørpenn. Pennen, laga av ekte gull, blei brukt til å skrive Grunnlova på Eidsvoll med i 1814. Gjest må stele denne skatten for å redde barna på ein barneheim.
– Det meste som skjer i boka, er fantasi frå mitt eige hovud, men nokre hendingar har faktisk skjedd, seier Trond.

Rundlurer lensmannen
I boka får lesaren til dømes lese om då Gjest forsøkte å rømme frå fengsel ved å kle seg naken, smørje seg inn med såpe og forsøke å presse seg gjennom eit trongt hol – men han endar med å sette seg fast. Dette skjedde faktisk.
– I boka får ein òg sjå og lese at Gjest lurer lensmannen inn i handjern, for så å springe av garde med nøklane, ler Trond og fortel at også dette er ei ekte hending.

Spennande og morosam
I boka Mestertyven Gjest Baardsen, som er meint for barn mellom 9 og 12 år, får lesaren altså innblikk i det innhaldsrike livet til ein kriminell på 1800-talet. Framfor alt håpar Trond at den i utgangspunktet seriøse tematikken, skapar spenning og glede hos lesarane.
– Eg trur barn og unge synest det er spennande med tjuvar og kriminelle, fordi ein får eit innblikk i eit veldig annleis liv. Sidan det er fiksjon så ser ein det utanfrå, og lesaren veit at det tjuven gjer er gale, seier Trond.

– Gjer det som gir deg glede
Trond trur og håpar at boka ikkje inspirer lesarane til stele og vere kriminelle. Men kanskje kan dei lære noko av Gjest likevel.
– Gjest valte livet som kriminell fordi han likte å vere ein tjuv – ikkje fordi han skulle få lovord og rikdom, men fordi han rett og slett likte å stele. Så kanskje også lesarane kan bli meir medvitne om kva som gir dei glede og gjere meir av nettopp den tingen. Men helst at den tingen ikkje er å stele, ler Trond.
