Ung.Forskning.no har funne fram tre døme på korleis dyr har det som tenåringar.
Sjimpansar

Forskarar i prosjektet Ngogo Chimpanzee Project i Uganda, følgde med på unge sjimpansar for å studera korleis dei oppførte seg. Dei såg at unge hosjimpansar må bytta flokk når dei blir tenåringar. Dette kan vera farleg, og dei risikerer å bli utstøytte eller drepne når dei byttar flokk. Måten dei vaksne tar i mot den unge hoa i den nye flokken kan påverka livet hennar i lang tid framover. Forskarane såg også at unge hannsjimpansar ser opp til dei vaksne. Dei lærer korleis dei skal oppføra seg ved å følgja med på dei som er eldre.
Elefantar

Sjimpansane er ikkje dei einaste som har eldre førebilete. Kate Evans ved Gøteborgs universitet har sett dette hos unge hannelefantar. Unge elefantar treng eldre elefantar som førebilete for å læra korleis dei skal oppføra seg. Utan eldre førebilete kan unge hannelefantar bli aggressive og skapa problem. Når eldre hannelefantar er til stades, roar dei unge elefantane seg ned.
Delfinar

Unge hanndelfinar dannar alliansar med andre hanndelfinar for å øva seg på å bli vaksne. Dei leikar og testar grensene med hopp og rulling, sannsynlegvis for å førebu seg på å finna ein partner når dei blir vaksne. Dersom dei ikkje dannar slike alliansar, kan dei få færre ungar som vaksne.