Lotte føler seg som ein sprettball når foreldra skil seg

I boka «Sprettball» møter me Lotte, ei jente som prøver å finna fotfestet etter at foreldra hennar skil lag. Men, kva skjer når alt rundt henne endrar seg? Med nye heimar, nye venner og ei kjensle av å ikkje passe heilt inn?

Framtida Junior spurte forfattar Kamilla Staurland om korleis boka vart til, og kva ho håpar lesarane tek med seg frå reisa til Lotte.

– Kva inspirerte deg til å skriva Sprettball, og korleis fekk du idéen til Lotte som hovudperson?

– Det heile starta som ein del av bachelor-oppgåva mi på Høyskolen Kristiania, der eg ville utforska korleis litteratur formidlar tyngre tema til barn. Eit av dei store temaa var skilsmisse, noko eg sjølv har erfaring med. Dermed vart det naturleg å skriva om det i den kreative delen av oppgåva – som til slutt vart til boka «Sprettball».

Bokomslag: Cappelen Damm

Lotte som karakter kom til heilt av seg sjølv, eigentleg. Eg hadde ikkje ein fast plan for korleis ho skulle vera, berre at ho måtte kjenne på at situasjonen var vanskeleg.

Livet som sprettball

– Er det noko frå din eigen oppvekst du har henta inn?

– Ja, fleire ting! Eg kjenner meg igjen i det å ha foreldre som skil lag og finn nye partnarar. Og det å veksa opp på ein plass der det ikkje bur så mange folk – slik Lotte gjer. Då kan det vere vanskeleg å finna sin plass, for det er ikkje så mange å passa inn med.

Men samtidig kan eit miljøskifte vera positivt. For Lotte er det kanskje nettopp pappa sin flytting til Stavanger som gir henne nye moglegheiter.

Alvorleg, men morosamt

– Korleis balansera du mellom å skriva om alvorlege tema og samstundes ha humor i boka?

– Eg tenkjer at livet er sånn. Ting kan vera både alvorlege og morosame på same tid. Når eg skriv, tenkjer eg ikkje så mykje over det – eg berre skriv, og så kjem det naturleg.

Romeo & Julie

– I boka er det ein parallell til Romeo og Julie. Kvifor det?

– Fordi Romeo og Julie er eit bilete på kjærleik. For Lotte har den historia alltid hengt saman med mamma og pappa, fordi dei spelte dei rollene i teater då ho var lita. Men så skjer skilsmissa, og ho forstår at ikkje alle kjærleikshistoriar er som i bøkene. Romeo og Julie ville døy i staden for å skilje lag, men for mamma og pappa var liksom ikkje kjærleiken sterk nok.

Kamilla ville vise at kjærleik ikkje alltid er dramatisk og evig.

– Nokre gongar endrar han seg – og det er også greitt, seier ho.

Ein skurkefri pappa

– Korleis har du jobba med forholdet mellom Lotte og pappaen hennar?

– Eg ville at pappaen skulle vere ein varm, positiv person – litt naiv, kanskje, seier Kamilla.

– Pappaen er ikkje ein skurk sjølv om han er den som har flytta og fått ny kjæraste.

Forfattaren ville vise at sjølv når vaksne gjer val som påverkar barna, så handlar det oftast om at dei prøver å gjera det beste for alle.

Å skrive på nynorsk

– Korleis påverka nynorsken måten du skriv på?

– For meg er det heilt naturleg å skriva på nynorsk, sidan eg har hatt det som hovudmål heile livet. Eg synest nynorsk tilfører noko ekstra til historia – særleg sidan boka er lagt til Vestlandet. Språket gjer historia meir levande!

Livet endrar seg – og det går fint

– Kva håpar du at lesarane sit igjen med etter å ha lese Sprettball?

– At livet alltid vil endra seg, og at det ikkje er unormalt å kjenna seg usikker. Det finst mange måtar å vera barn eller ungdom på – og det er ikkje så farleg om ein ikkje passar heilt inn.

Kamilla fortel at Lotte har sine utfordringar, men at ho også finn sine eigne lyspunkt.

– Og det håpar eg lesarane gjer òg!