Kroppen har ei indre klokke som fortel oss når det er tid for å sova og når me skal vera vakne. Denne klokka kallar me døgnrytme. Når døgnrytmen kjem i ubalanse, kan me få problem med å sova og føla oss rare, ifølgje Ung.Forskning.no.
Hormoner påverkar søvnen
Eit hormon som heiter melatonin hjelper oss å bli trøytte om kvelden. Det gjer oss litt kaldare og får hjartet til å slå rolegare. Kortisol er eit anna hormon som hjelper oss å vera vakne og aktive. Vanlegvis er kortisol lågt om kvelden, men dersom me er for aktive, eller ser på skjerm om kvelden, kan kroppen vår laga meir kortisol. Då kan me bli overstimulerte.
Dersom døgnrytmen blir forstyrra, kan det vera vanskeleg å sovna sjølv om me er trøytte. Dette kan skje om me har veldig mykje å gjera på kvelden. Men, det er ikkje farleg å forseinka søvnen ein kveld av og til.
– Me skal få lov til å ha det gøy!
Det seier søvnforskar Giovanna Calogiouri til Ung.Forskning.no. Ho jobbar ved Universitetet i Søraust-Noreg.
