Då eg var 20: Mushaga Bakenga vart utanlandsproff og onkelen overlevde attentatforsøk

Det sterkaste minnet fotballspelaren har frå då han var 20, er drapsforsøket på onkelen Denis Mukwege.

– Eg hadde nok tenkt at han der er ein sjølvsikker fyr som framleis ikkje heilt veit kor hardt og brutalt livet kan bli. Naiv, rett og slett. Ein som pratar utan å nødvendigvis tenke først og ein som er meir desperat etter å ha gode folk rundt seg enn han sjølv innser.

Det hadde Mushaga Bakenga (32) tenkt om han møtte seg sjølv som 20-åring. I januar det året han fylte 20, signerte fotballproffen kontrakt med topplaget Club Brugge og flytta til Belgia.

– Det var min første gong i utlandet i det som skulle bli ei lang reise med mange stopp, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

Mushaga Bakenga la opp som spelar i desember 2024 og skal no lage fotballunderhaldning for TV 2. Foto: Espen Solli/TV 2

Profesjonell kvardag

Fotballspelaren frå Trondheim har no blitt ekspert for TV 2. Bakenga la opp i desember 2024, etter å ha spelt for fleire klubbar i Noreg, Belgia, Danmark, Tyskland, Japan, Kypros og India.

Han signerte sin første proffkontrakt som 14-åring i 2006 og slo igjennom i Rosenborg, før det bar vidare til Belgia i 2012.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Mushaga Bakenga (@mbakenga)

Dagane i Brugge bestod av mykje fokus på trening, kosthald og å ikkje bli skada. På fritida såg han på TV, tok utdanning og vandra rundt i Brugge.

– Nydeleg by! skriv han.

GoT og Chris Brown

Bakenga hugsar at han såg mykje på Game of Thrones og Entourage på TV. Han høyrde på Chris Brown og fekk auga opp for Karpe, særleg låta Påfugl.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– Eg hugsar veldig lite av kva som skjedde då. Eg var i mi eiga boble på den tida, der det allereie var mange inntrykk, nye vennskap med folk frå heile verda og distanse frå vennar og familie i Trondheim. Jens Stoltenberg var statsminister, hugsar eg.

På 20-årsdagen var fotballspelaren på tur med laget, slik han nesten alltid har vore på bursdagane sine.

– Eg fekk vel ein bursdagssong og ei kake, og eg måtte halde ein tale. Ikkje noko spesielt, men eg har nok av bursdagar vidare i livet til å feire som eg vil – med mine nærmaste medan vi har ein heil dag med aktivitetar.

Gode samtalar med bestefar

Familien har alltid vore viktigast for Bakenga. Han fortel at han hadde eit ekstra sterkt band til bestefaren i Kongo.

– All kunnskapen han gav meg gjennom alle telefonsamtalane våre hjelpte meg mykje då, til den dag i dag, sjølv om han dessverre gjekk bort i fjor. Ein mann med eit stort hjarte, alltid på jakt etter å hjelpe alle og med mykje kunnskap rundt kva som er viktig her i livet.

Det sterkaste minnet han har frå då han var 20, er då onkelen Denis Mukwege vart utsett for eit attentatforsøk i Kongo i oktober det året. Eit attentat er eit drap som er gjort av politiske grunnar.

Mukwege er lege og har spesialisert seg i å behandle kvinner som har blitt valdtekne. Han fekk Nobels fredspris i 2018 for arbeidet sitt mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konfliktar.

I 2012 tok væpna menn seg inn i heimen hans, heldt familien hans som gissel og skaut mot legen.

Fredsprisvinnar Denis Mukwege er onkelen til Mushaga Bakenga. | Foto: Claude Truong-Ngoc / Wikimedia Commons, CC BY-SA 3.0

Dagen etter drapsforsøket drog Mukwenge til Belgia for å bu der ein liten periode. Då fekk Bakenga møtt han.

– Han kom og såg meg spele ein kamp eit par dagar etterpå. Der scora eg ikkje berre éin, men to gonger. Den stolte meldinga eg fekk etterpå varma. Eg følte eg fekk gitt han og familien eit lite lyspunkt i ei mørk tid.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Mushaga Bakenga (@mbakenga)

Ville bli lege

Bakenga skulle bli lege, nett som onkelen. Han ville hjelpe folk.

– Eg hugsar eg blei fortalt at då måtte eg vere flink på skulen, noko som eg verkeleg gjekk heilt inn for. Eg var det ein kalla ein nerd på den tida. Eg ville vere best på skulen, medan fotballen berre var moro med vennane mine. Først i ein alder av 14 år skifta dette fokuset til at eg kanskje skulle satse på fotball i staden for.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg har alltid tenkt stort om alt. Eg skulle bli best i kva enn eg bestemte meg for, skulle hjelpe alle eg kunne, bygge sjukehus i Kongo, kjøpe stor villa. Framtida var lys, ingenting skulle stå imellom meg og det å lykkast i NOKO. Ein herleg naivitet til livet, som eg heldigvis har tatt med meg vidare. Livet skal alltid nytast, uansett kva som skjer elles.

Livsnytar

Fotballspelaren har alltid vore oppteken av å skape god stemning og fokusert på at han og dei rundt han skal ha det bra. Hans største frykt då han var 20, trur Bakenga var å ikkje ha det bra.

Mushaga Bakenga under EM-kvalifiseringskampen i fotball for U21-landslag mellom Noreg og Island på Marienlyst stadion i juni 2012, eit par månader før han fylte 20 år. Foto: Vegard Grøtt / NTB

– Det å ikkje ha det bra eller ha moglegheit til å smile er noko som gir meg ei dårleg kjensle.

Han vil likevel råde den yngre versjonen av seg sjølv til å hugse at ikkje alt kan vere topp heile tida. Og når det blir tungt, trengst ikkje den maska han tok på seg når han skulle skyve bort vonde tankar og følelsar.

– Ja, livet skal nytast og vere bra – men det er ikkje sånn heile vegen. Det er inga skam i å søke hjelp når det mentale blir for tungt å bere på aleine.