Ibrahim (14) og Nafiso (17) vil at klimatoppmøtet skal høyre på barn

Eitt av åtte barn har blitt påverka av ekstremvêr det siste året, ifølgje Redd Barna.

– Når klimaendringar slår til, er barn alltid sårbare.

Det seier Ibrahim (14) frå Nigeria. Han er talperson for Nigeria sitt barneparlament, og er med på ein pressekonferanse som Redd Barna har arrangert i samband med FN sitt klimatoppmøte.

Kvart år arrangerer FN eit møte der land kan møtast for å finne løysingar på klimakrisa. I år er møtet i byen Baku i landet Aserbajdsjan. Redd Barna løftar opp stemmer som Ibrahim fordi dei meiner det er viktig å høyre på barn i desse diskusjonane.

Vanskelegare å gå på skule

For Ibrahim er klimaendringane noko som påverkar han personleg. Ekstremvêr som kjem av klimaendringar, rammar mange land, og Nigeria har hatt alvorlege flaumar det siste året.

– Flaum har påverka nærmiljøet mitt, sidan hus vart øydelagde og lokalsamfunn vart vaska vekk.

Han fortel at mange skulebygningar vart brukt for å huse folk som ikkje hadde nokon plass å bu, og Ibrahim kunne ikkje gå på skule i tre veker. Mange barn mista også heimane sine.

Han ber om at deltakarlanda på klimatoppmøtet i Baku tek omsyn til barn når dei skal bestemme kva dei gjer, sidan barn blir svært påverka av klimaendringar.

1 av 8 barn påverka

Ifølgje Redd Barna har 1 av 8 barn i heile verda blitt påverka av dei ti største ekstreme vêrfenomena i år. Fleirtalet av desse barna bur i land som ikkje er rike.

Det gjer at fattige barn og barn med andre utfordringar er ekstra utsette for å også bli påverka av klimaendringar.

Mindre mat på grunn av klimaendringar

Eit anna land som er utsett for ekstremvêr, er Somalia, som har blitt ramma av både flaum og tørke den siste tida. Nafiso (17) frå Somalia er sjølv til stades ved klimatoppmøtet i Baku saman med Redd Barna.

– Under tørken får eg ikkje ete tre gongar om dagen. Nokre gonger får eg eitt måltid, nokre gonger to, fordi familien min er ikkje rik, fortel ho.

Nafiso var til stades på møtet i fjor også, då det var i Dubai. Ho er der for å vere ei stemme for somaliske barn, og korleis dei blir påverka.

– Eg har sett mange problem og mange som er triste. Eg vil fortelje verdsleiarar at mange barn går svoltne og er underernærte på grunn av klimaendringar.

Jobbar saman for å få til endring

Nafiso fortel via tolk at sidan ho kom tilbake frå klimatoppmøtet i fjor, har ho planta 20 tre og jobba med å opplyse fleire lokalmiljø om klimaendringar og kva dei kan gjere. Ho meiner det er viktig å arbeide saman som samfunn for å få gjennom endringar.

Ibrahim er einig, og fortel at han også jobbar med folkeopplysning i Nigeria.

Når han blir spurt om kva han ønsker frå verdsleiarane på klimatoppmøtet, seier han at dei må få til ein skikkeleg plan for korleis dei skal kjempe mot klimaendringar. Han vil også at dei pliktar seg til å følgje ein slik plan.

– Vi ventar at dei leverer på lovnadane sine, seier han.