Skrekkfilmar: – Ein kjenner at ein lever

Elevar ved sjette trinn på Vollebekk skule i Oslo er glad i filmar som er spennande og litt skumle. Likevel har dei erfart at det dei ser på kan bli for skummelt.

– Eg elskar film med alt eg har, seier Marko (11).

Han er aller mest glad i science fiction og skrekkfilm. Ahanja (10) likar også skrekk- og spenningsfilmar. Eirik (11) er mest glad i eventyrfilmar som til dømes Ringenes Herre, mens Julie (10) likar aller best morosame filmar.

Men til felles har dei at alle likar skumle filmar – så lenge dei ikkje er for skumle.

Skumle filmar vekkjer følelsar

– Når eg ser på vanlege filmar føler eg ikkje så mykje, men det gjer eg når eg ser skrekkfilm. Eg elskar når alt er heilt stille og filmen byggjer seg opp til at noko spennande skal skje, forklarer Marko.

Eirik er samd med det Marko seier:

– Eg likar skrekkfilmar fordi ein kjenner at ein blir med i det som skjer i filmen. Ein kjenner at ein lever, seier Eirik.

Ahanja på si side er ikkje så glad i skvette.

– Men eg likar skumle filmar, så lenge det er tydeleg at det ein ser på ikkje er ekte.

Når ein film blir for skremmande

Julie fortel at ho såg filmen Hotell Transylvania då ho var fem. Den var for skummel.

– Han var super duper skummel, sidan det var store flaggermus med hoggtenner som kunne snakke i filmen, fortel ho.

– Ein legg jo merke til at det ikkje er ekte. Men kanskje ikkje då du var fem, påpeiker Ahanja.

– Nei, sidan eg var så ung var filmen altfor skummel. Eg anbefaler ikkje å sjå den filmen før du er stor nok. 

Vel ein annan film

Dersom ein film blir for skummel, kan det vere lurt å sette filmen på pause og kanskje finne ein annan meir lystig film, rår Ahanja. 

– Ein kan også forsøke å seie til seg sjølv at «dette er ikkje ekte» mens ein ser på.

– I tillegg kan du prate med ein vaksen om det som skjedde i filmen, foreslår Eirik.

Om du blir redd av ein film, rår han til å finne ein annan film å sjå på.

– Om du synest filmen er for skummel bør du berre ikkje sjå han.

Liker du skumle filmar?

Liker du skumle filmar?

Ja5
Nei5
Svar totalt: 10