Slik blir dei døde feira rundt om i verda

Framtida junior har snakka med antropolog Axel Rudi som fortalde om at døden blir feira rundt om i heile verda. Her er seks av dei ulike måtane døde blir feira på:

Allehelgensdag

Allehelgensdag, som er 1. november, er den feiringa vi i Noreg har mest tilknyting til, men ho er ikkje like populær som før. Før i tida feira ein dei som hadde ofra livet sitt for kristendommen. I dag er det først og fremst ein minnedag for kjende og kjære som har gått bort. 

ALLEHELGENSDAG: Ljos og blomar er sett ut på graver i Ungarn under allehelgensdagen i 2021.
Foto: Peter Komka / MTI via AP / NTB

Día de los muertos

Dia de los muertos, Dei dødes dag på norsk, er ei feiring med noko av dei same røtene som Allehelgensdag. Denne feiringa som føregår 1. og 2. november, er utbreidd i Mexico og andre latinamerikanske land. Feiringa er prega av gatefestar med mykje humor, fargar og glede.

Famadihana

Famadihana-feiringa i Madagaskar skjer mellom kvart femte og sjuande år. Då dreg familiar til slektskrypter og hentar ut lika til forfedrane sine. Dei skriv namna sine på dukar som dei pakkar lika inn i. Også dette ritualet er prega av festleg stemning.

FAMADIHANA: Venner og familie dansar med liket til ein død slektning under ei Famadihana-feiring på Madagaskar. Foto: Toussaint Raharison / AP Photo/ NTB

Halloween

Halloween blir feira 31. oktober og har same røter som Allehelgensdag og Día de los muertos. 

Halloweenfeiringa er stor i USA og Storbritannia, men er også vanleg i andre land. Feiringa handlar i stor grad om at barn og unge kler seg ut for å gå dør til dør for å sanke godteri og seie «trick or treat» eller «knask eller knep».

Obon

Obon er ei årleg feiring av forfedrar som går føre seg i Japan. Feiringa høyrer til religionen buddhisme.

Obon blir feira frå 13.–16. august. Då er det tenkt at ånder kjem tilbake til menneskeverda for å besøke slektningane sine. Tradisjonelt henger folk lampar framfor husa sine for å rettleie åndene.

OBON: Japanske barn sender av garde ei ljoslanterne på vatnet under ei Obon-feiring. I følgje tradisjonen blir dette gjort for å retteleie åndene bort frå menneskeverda igjen. Foto: Hiro Komae / AP Photo / NTB

Pitru Paksha

Pitru Paksha er ei hinduistisk feiring og er ei periode på 15 dagar som er dedikert til døde forfedrar. Denne perioden, frå 17. september til 2. oktober, er òg kalla Shradda som betyr matofring. 

I tillegg til å ofre mat, skal ein ikkje ha feiringar som forlovingar eller innflyttingsfestar i løpet av desse dagane.